Monday, January 12, 2009

Mykje meir enn 13 humler


”På trappå står et norgesglass

med merr enn tretten humler i”

syng Vamp.

Men der kan dei ikkje verte ståande -det må ta slutt ein dag. Vi kan alltids kaste heile glaset på bålet eller knuse det mot ein stein. Risikofritt og brutalt.

Eg fekk alltid litt dårleg samvit når vi løyste problemet på enklemåten. Det vart oftast til at ein av oss måtte opne loket og risikere konsekvensane.

Humler er vanlegvis godmodige. Dei stikk sjeldan om du ikkje er så uheldig å trakke på dei eller på annan måte set dei i ein pressa situasjon. Men det er forferdeleg vondt å verte stukken og vi fekk smerteleg erfare at humler som brått får fridomen attende ikkje er heilt tilregnelege.

Eg hugsar framleis den varme, lette kjensla av å ha gjort det rette.

4 comments:

Anonymous said...

Jeg lar gjerne humla suse, jeg. Når dyra derimot tråkker i et jordvepsbol... det var direkte skummelt å melke etterpå.

Anonymous said...

Ja, det var ein gong eg stod og speida etter flyet, så kika eg ned -og der stod eg med eine foten i eit jordkvepsbol. Ikkje særleg lenge.

Anonymous said...

Haha, unnskyld. Det er godt å sleppe humler laus, det er godt å gjere godt. Og så blir ein eitrandes forbanna når dei ein gjer godt mot (vel å merke etter ei rom tid ikkjegodt) ikkje viser takksemd, men brodd.

Anonymous said...

Ja, og det er då ein, sjølv om det kan vere vanskeleg, bør halde fast ved ideen om at humler har det best når dei får suse. Og at alle andre har det best når dei får gjere akkurat det.