Monday, February 1, 2010

FEILMELDINGA

Gjer vel å legg att ein kommentar dersom du har vanskar med å kome deg inn på "bandanders.org".

Tuesday, March 24, 2009

Kald marsmorgon


Dette vert truleg siste innlegget mitt her på bloggen. Dersom du vil fylgje med på nye innlegg i framtida, er http://bandanders.org/ staden å leite. Der har eg samlokalisert alt det eg har lagt ut siste 3 åra. Eg driv å pakkar ut flyttelasset for tida og det vil nok ta si tid å kome i orden der borte. Men velkomen skal du vere uansett.

Sunday, March 15, 2009

Nys du for tida? Her har du kanskje syndaren


Han jobbar like forpinna på søndag og. Men du veit, ein må nok stå på når ein står på lønningslista til, mellom andre, GlaxoSmithKline, AstraZeneca, Farmagon og IVAX.

Saturday, March 14, 2009

Siste året


I forslag til ny lov om dyrevelferd heiter det mellom anna:

§ 15 Bygninger, gjerder og andre mindre innretninger

Bygninger, gjerder og andre mindre innretninger skal utføres eller oppføres og holdes ved like slik at dyr ikke utsettes for fare for unødige påkjenninger og belastninger. Det skal ikke brukes piggtråd i gjerde for å regulere dyrs ferdsel.

Må vedgå at eg har ståande nokre meter nettinggjerde med piggtråd på toppen, men i år skal eg fjerne siste rest med piggtråd.

Eg taggar Obama og alle andre med svin på skogen.

For lesarar som no fekk stygge assosiasjonar, vil eg gjere det heilt klart at eg utelukkande nyttar uttrykket "med svin på skogen" i tyding "med skjelett i skåpet" eller " har ureint mjøl i posen"

Wednesday, March 11, 2009

Billege triks i Photoshop




Det vert mest som Wunderbaum og terningar i frontruta , laksetrapp og revehale i antenna. men freistinga vert for stor, prøveperioden på Photoshop varer trass alt berre i ein månad.

Tuesday, March 10, 2009

Evidens


Slik er det i teorien:


-Den viktigste grunnen for en plante å registrere tyngdekraften er for å vokse riktig vei. I tuppen av roten har planten noen spesielle groceller. Disse cellene er i stand til å registrere tyngdekraften. Ved hjelp av statolitter som består av flere stivelseskorn omgitt av to membraner, kan plantecellene registrere tyngdekraften, og regulere hvilken vei de vokser. Dette kalles gravitropisk krumning. Deter positiv gravitropisk krumning i røttene (vokser med tyngdekraften) og negativ gravitropisk krumning i stengelen (vokser mot tyngdekraften). I stengelen er det i tillegg fototropisk styring, det vil si de styrer stengelen mot lyset.
Les meir her