Saturday, November 10, 2007

På tur i Ørnulf Opdahl sitt rike





I dag har vi surfa inn Breisundet på restene etter Andrea som så vidt var innom oss før helga. Det må ha vore i slikt ver Ørnulf Opdahl har laga maleria eg likar best, dei som ser heilt abstrakte ut, heilt til du med eigne auger ser nordavinden rive hol i svarteskyene og gjennom små rifter sleppe lyset ned på fjorden, ein fjelltopp eller ein holme. Då ser du at måleria er meir naturtru enn det beste fotografi. I dag såg vi Opdahlmotiv kvar vi snudde oss. Kanskje ikkje så rart. Vi segla bokstavleg tala rett forbi stovedøra til kunstnaren.




Snart i hamn, nesten svartestille og segla pakka ned.