Tuesday, December 30, 2008

Bandanders sitt rike


Første halvdel av 80-talet arbeidde eg i Ålesund og ein kollega spurde meg ein dag kvar eg kom ifrå. Det var vel nokså tydeleg at eg ikkje var "fra byn". Som kommentar til svaret mitt fekk eg eit nytt spørsmål. "Er de der de he ein stein som ein må sitje på minst ein gong i veka for å halde seg frisk ?" (Som de kanskje ser, så var han ikkje "utta bya" kollegaen min heller). Etter å ha tenkt meg om ei lita stund, skjøna eg kva han sikta til og eg berre nikka og svarte "ja, slik er det."

Steinen han sikta til, vert kalla Leitesteinen og ligg ved stien som fører opp i Skorgedalen. Etter å ha gått gjennom Skorgeura og ei stigning på omlag 300 meter,ligg han der, kvilesteinen ved inngangen til dalen.

Skorgedalen er ikkje eit uvanleg stadnamn. Eg veit at vi her i fylket har både ein dal i Vestnes og ein i Rauma kommune med det namnet. Det er kanskje ikkje så rart at "Skorge-" er vanleg på våre kantar i og med at namnet kan ha utgangspunkt i to ulike gammalnorske ord for skar eller kløft. Slik sett kunne mesteparten av dalane på Nordvestlandet heitt Skorgedalen.

Dei aller fleste som er oppvaksne her på stranda har eit nært forhold til dalen "sin". Han er ubebueleg grunna rasfare, men på den einaste staden som vart rekna som fonntrygg, hadde dei sætra si, Skorgesætra. Ein gong var her 13 sel, eller seterbuer. 6 av dei er tekne av snøras og 3 har åra fare ille med. Så no står kun 4 att.


Men det er langt frå berre innfødde som let seg begeistre. Odin Herman Heltne heitte ein kar som var lærar på grendaskulen her rundt 1925. Han skreiv denne songen:

Skorgedalssangen

Å, du Skorgedal skjønn - lik en fantasidrøm
dine fjell imot himlen jeg ser.
Å, hvor ofte gjenlyder begeistringens strøm
fra de mange som opp til deg ser.

Ved din side du har de forstenede troll,
de er ville men vakre å se,
helst når månen forgyller om høstnatten kold,
deres topper er dekket av sne.

Ned i dalen vi møter en fossende elv,
det er Skorgeelven fossende og vill,
mens den rinner så tenker den så ved seg selv,
der hun rinner som klareste vin.

-Jeg har runnet fra Vasskoppens iskalde vann
og mitt leie har været av sten
Men nu flyter jeg stille på melfine sand,
og langs bredden står blomstrende gren.



-Odin Hermann Heltne


Det vert sagt at den eigentlege Bandanders budde i Skorgeura store deler av sommaren. Der hogg han haslerenningar som vart nytta til tønneband. I dag er Skorgeura naturreservat. Verna på grunn av mange varmekjære planter og tre, eit enormt variert fugleliv og sjølve ura då, som består av steinblokker så store som hus, restar etter Parishornet som skal ha rast ut i siste istid.

Saturday, December 27, 2008

Ny blogg

Etter ei førjulstid med blogginnlegg prega av Youtubesnuttar og andre lettvinte løysingar, har eg sett ned ein hurtigarbeidande kommite som har som mandat å kome med eit framlegg til ny bloggstruktur. Inntil vidare har eg oppretta ein rein musikkblogg der eg vil legge ut ting som etter mi svært subjektive vurdering (gåsehudtest og liknande) fortener eit større (og betre ?) publikum.

Du finn første post her: Museumsmusikk

Friday, December 26, 2008

Billege triks, ja heilt gratis faktisk


Det er så mørkt for tida at det einaste ein kan ta bilte av og som har fargar, er himmelen.Ein kan vel tenke seg at enkelte kunne finne på å spinne litt vidare på ei slik utsegn no i romjula, men eg let det i alle høve vere.

Wednesday, December 24, 2008

Og okse der og asen stod

Eg er klar over at mange meiner at country-musikk i grunnen ikkje høver til nokon verdens ting. Og aller minst som lydkulisse til tradisjonell norsk julefeiring. Men når ein tenker over det; Ein stall, oksar og asen, brækande sauer, cowboyar og gjetarar. Småkårsfolk, lavstatuskultur. "A match made in heaven". Er det ikkje det dei seier? Og englesongen tek Alison Krauss seg av.




God jul til alle.

Monday, December 22, 2008

35 år gamal festbrems eller...nei eg har ikkje ord

I dag legg eg ut 2 songar. Begge har noko med jula å gjere, men det er også alt dei har til felles. Kva for ein ville du velge om du måtte? For nokon er dette kanskje eit vanskeleg val mellom to elendige alternativ, for andre er valet truleg enkelt. Det hadde vore artig med tilbakemeldingar.




Saturday, December 20, 2008

Julesongen til The Band-Anders

Ikkje mykje glitter, stas, nissar og fjas og lyden er heilt forferdeleg. Men for 30 år sidan var dette nesten for godt til å vere sant. The Band, Robbie Robertson og juleforteljinga på ein gong.





Come down to the manger, see the little stranger
Wrapped in swaddling clothes, the prince of peace
Wheels start turning, torches start burning
And the old wise men journey from the East

How a little baby boy bring the people so much joy
Son of a carpenter, Mary carried the light
This must be Christmas, must be tonight

A shepherd on a hillside, while over my flock I bide
Oh a cold winter night a band of angels sing
In a dream I heard a voice saying "fear not, come rejoice"

How a little baby boy bring the people so much joy
Son of a carpenter, Mary carried the light
This must be Christmas, must be tonight

I saw it with my own eyes, written up in the skies
But why a simple herdsmen such as I
And then it came to pass, he was born at last
Right below the star that shines on high

How a little baby boy bring the people so much joy
Son of a carpenter, Mary carried the light
This must be Christmas, must be tonight

Friday, December 19, 2008

Kaldt og mørkt og lite sol

Eg sit her litt fortumla i dag. John Olav Egeland i Dagbladet skreiv i går i avisa si at eg er av dei som held til i det han kallar "kristenhetens mørkeste kroker", men eg merkar i grunnen ingen skilnad frå i går. Det einaste må vere at veret er litt betre. Nei, det må nok ha skjedd umerkande. Og det er vel slik at vi menneske er fleksible og kan tilpasse oss det meste.

Trøysta må vere at eg er i godt selskap. Det var herifrå Martin Luther King heldt talane sine. Mor Theresa heldt også til her, og minnest eg ikkje feil, fekk ho Nobels Fredspris her eit år, ho også. Dessutan så brukar jula å vere ei fin tid her borte. Det er her dei aller fleste julesongane held til.

Så du er hjarteleg velkomen innom. Eg er i alle fall ikkje meir desorientert enn at eg kan setje på kaffien. Te har eg óg. Og smultringar. Vil du synge julesongar, kan eg leite fram trompeten eller gitaren. Ikkje gjer det så mykje at det er mørkt heller. Stearinlysa lyser i kråa mi óg.

Sunday, December 14, 2008

Saudehornet i morgonroden


Eg tullar ikkje med dykk no altså, det var slik det såg ut i gårmorgon.

Saturday, December 13, 2008

Mikroreiseliv

Heilt frå fyrste gongen eg såg bilete av fjella nede på sørspissen av Sør Amerika, frå stader med eksotiske namn som Patgonia og Puntas Arenas, har eg vore bergteken. Bokstavleg tala. Ei mogleg årsak kan vere at dette området representerer ekstremversjonen av Sunnmøre og Sunnmørsalpane inne i hovudet mitt. Eg har aldri vore der og skal eg vere ærleg er vel sjangsane små for at eg nokongong vil reise dit. Så, inntil vidare i allefall, innbiller eg meg at eg greier meg godt med denne erstatninga. Ein stubbe etter vedhogsten for eit par år sidan

Saturday, December 6, 2008

Ikkje meir å gjere


No er det berre å sleppe taket. Skulle berre ynskje det var like enkelt å varme opp den verkelege verda som det er å varme opp eit bilete med Microsoft Office Picture Manager.

Ivar Aasen blogga ikkje anna enn småsei

Tordenbloggen er dei midt i innspurten i kåringa av den beste bloggen i kongeriket. Då 32 bloggar var att i cupen, var ikkje ein einaste nynorskblogg med lenger. På lista over "de hotteste 100 i 2008" er ikkje ein einaste av dei 50 første på lista skrivne på nynorsk. Dette kan ein sjølvsagt meine mykje om, og mange meiner sikkert at det kun er av det gode. Men ein ting trur eg vi alle kan vere samde i. Og det er at det fortel oss svært mykje om mangfaldet sine vilkår i eit grenselaust demokrati.

Til slutt noko å tenke vidare på:

It is not the fact of liberty but the way in which liberty is exercised that ultimately determines whether liberty itself survives.

-Dorothy Thompson

Tuesday, December 2, 2008

Baktungt


Eg fann ein liten papirlapp i ein skuff her ein dag. Med litt usikre blokkbokstavar var det skrive
”SYKKEL NUMMER”, etterfylt av 10-12 siffer , så eit fornamn (med litt tryggare bokstavar, det var tydeleg at det låg meir røynsle bak) og til slutt ”NAKAMURA”.

Eg hugsar då vi kjøpte den sykkelen. Han var gul, med raude gaflar og dobbel demping. Eit lite fornuftig kjøp. Men eigaren var stolt.

No står vidunderet på låven med rusta kjede og flate dekk. I går dumpa studiekatalogen frå Høgskolen i Oslo ned i postkassen og eg kjende at livet brått vart litt baktungt.

Eg høyrde nyst ei fantastisk soge om den norske kvinnelege flypioneren Gidsken Jakobsen på radioen. Ein dag ho var ute på flytur miste ho rett og slett motoren i lufta. Ikkje nok med at framdrifta var borte, den reduserte vekta i fronten gjorde at flyet vart baktungt og umogleg å kontrollere. Det var då ho og copiloten kom på at her var det berre ein ting å gjere, nemleg å krype framover i flykroppen og på den måten stabilisere flyet. Som tenkt så gjort, og på det viset fekk dei gjennomført ei kontrollert nødlanding.

Kanske det er på tide å krype litt lenger fram i flyet.