Tuesday, May 29, 2007

Sunday, May 27, 2007

27. mai og nysnø på 500m


Han blomstrar ei veke i året og vel ei veke etter skjema lurer han sikkert fælt på kvifor vi uroar oss for global oppvarming og drivhuseffekt. Dersom det verkeleg er noko i dette, kom det i allefall godt med i år, tenkjer nok rhododendronen med seg sjølv. 2007-sesongen vart ei hustrig affære.

Friday, May 25, 2007

CO2-nøytral bioklippar



Tekniske data:

Vekt:
100 kg +

Effekt:
Er hard i bandet. Du greier ikkje å halde han att med glatte sko.

Kapasitet:
Avhengig av apetitt, smakelegheit på gras og i kor stor grad du greier å lære han å gå i band.

Utslepp:
CO2-nøytral, men slit med metanutsleppet. Ein må ha evne til å oversjå utslepp i fast og flytande form.

Standardutstyr:
Halsband, svivel, kjetting og makkekur. Vert levert med 4 integrerte grasoppsamlarar; Vomma, nettmagen, bladmagen og løypen, noko som sikrar fullstendig biolologisk nedbrytning av graset.

Ekstrautstyr:
Elekrisk gjerde. Kan truleg leverast med metanhandtering i framtida ein gong. Vurderer å setje Fredric Hauge og Kjell Inge Røkke på saka.

Det må nemnast at han er ekstra hard i bandet i perioden november-februar, men inntil vidare er ikkje dette ei aktuell problemstilling.

Sunday, May 13, 2007

Etter ei frostnatt

Det har vore ei kald natt og engkarsen har fått seg ein knekk.



Men gje han berre eit par minutt i sola.

Saturday, May 12, 2007

Om å vere tidleg ferdig på jobb


Ein kan vel seie at hestehoven er ein av dei som har teke hundevakta og er ferdig før festen eigentleg har byrja.



Medan andre aldri vart heilt ferdige i fjor.

Saturday, May 5, 2007

Motivasjon ?


I går la FN sitt klimapanel fram endå ein rapport. Innhaldet var som venta. Denne rapporten frå klimapanelet har det til felles med dei fleste andre 3arar (jamfør Spidermann) at han i alle fall ikkje er "betre" enn dei føregåande.
Eg misunner ikkje stakkars Helen Bjørnøy for tida, men tapper er ho. Og optimist, seier ho.
Men:
-Vi må få til en større motivasjon i samfunnet, slik at folk velger de miljøvennlige løsningene.

Kvar skal vi skaffe denne motivasjonen frå då ? Pisk, gulrot, eller kanskje ei blomstereng ein tidleg morgon i mai?

Ho står der, kvite symra, den første blom i år,
der like inn på snøen i sine tronge kår.

Ho står i kvite klede, så fager som ei brud.
Sjå henne vel i auga, då har du skoda Gud
-Anders Hovden