Wednesday, January 30, 2008

Knudsen, Ludvigsen og UDI

”Du er hva du har spist” heiter det i ein song av Knudsen og Ludvigsen. Når ein tenkjer etter, så er det i grunnen akkurat det vi er.
Gjennomsnittleg fødselsvekt her i Norge er om lag 3,5 kg. Dei kiloa vi har lagt oss til etterpå, er stort sett differansen mellom det vi har ete og drukke og….ja, du skjønar. No er det også slik at cellene i kroppen vår har ei avgrensa levetid. I løpet av ein periode på 7 år er vi så godt som fornya.

Dersom du no stort sett et importert mat, eller kjøt og egg produsert på grunnlag av importert kraftfor, burde du då eigentleg søkje om opphaldsløyve kvart sjuande år?

Thursday, January 10, 2008

Lid du av fordommar mot 3-akkordsongar ?

Vil du vere med på audiokognitivt medisinsk eksperiment ?

Gå inn på Google

Skriv "welch rawlings i´ll fly away" (utan hermeteikn)

Velg 1. treffet

Spel videoen

Det var det heile, men hugs: Sjå heile filmen. Faren er stor for at du utviklar multiresistens dersom du avbryt behandlinga for tidleg.

Er du retteleg dårleg og ikkje orkar alt dette styret, er det berre å klikke her: Klikk
Dei som vil ha placebo kan klikke her: Klikk

Sidan dette er eit eksperiment, er eg takksam for tilbakemeldingar.

Eg gjer merksam på at songen inneheld ein 4. akkord, ein moll akkord som går over ei takt eller noko slikt. Så om du skulle føle deg betre no, kan eg ikkje garantere at du er fullstendig kurert. Men om du høyrer nok på dette radarparet, helst med skikkeleg lydkvalitet, skal eg nærast garantere at du vert bra.

Tuesday, January 1, 2008

Godt nytt år


I året som gjekk var det 257 personar som var innom her. Til saman var folk innanfor i 16 timar og 20 minutt. No kjenner ikkje eg lønsnivået til gjestene mine, sant og seie så veit eg svært lite om kven de er i det heile, men om eg reknar 250 kr/time inkludert sosiale kostnader, kjem eg til at eg har kosta samfunnet 4067 kroner. Vonar det var verdt det.
Godt nytt år.