Friday, March 30, 2007

Dansebandmyte nr 1


-"Alle dansebandnamn er ein umogleg kombinasjon av fornamna til to av bandmedlemmene. "

Døme: Arne Bjarnes, Kåre Leifs o.s.b.

Dette er ei myte som eg vil avlive her og no. På "danseband. no" finn ein ei oversikt over banda som har gitt ut plate i 2006 og hittil i 2007. Berre 1 av 30 plater er innspelte av band med denne typen namn, det er sjølvsagt Ole Ivars.

Det finst rett nok eit band som kallar seg Trond Erics som spelar saman med Elisabeth Andreassen, men dei har namnet sitt etter ein vokalist som faktisk heitte Trond Erik, men han har ikkje vore med på 10 år.
Det er faktisk meir hald i påstanden: Norske danseband er oppkalla etter Disneyfigurar. Her har vi minst 2 eksempel frå oversikta på "danseband,no": Mickes og Aristo Cats.
Statistikk kan vere artige greier.

Så har vi sjølvsagt populærorkesteret Finn-Erix då, husorkesteret til Radio Røynda og landets mest undervurderte ......populærorkester.

Høyr dei her:Finn-Erix

Tuesday, March 27, 2007

Litt om kart og terreng


Om selja seier Wilkipedia:

-Selje (Salix caprea) er en treart i pilefamilien. Den har rødgul kjerneved og grå bark. Selja kan bli opptil 20 m høy, med en diameter på 40 cm og en alder på 80 år. Selja blomstrer tidlig på våren, med hann- og hunnrakler på adskilte trær. De gule, lodne hannraklene kalles ofte for «gåsunger». Selje vokser best på tørr eller svakt fuktig, sandholdig eller kalkholdig leirjord. Lyskravet er stort.

Finn du noko i teksten som tilseier at dette er ei selje ?


"Den virtuelle floran" seier om bjørka:

-Beskrivning. Lövfällande träd eller buskar. Bark (näver) oftast vit. Vinterknoppar oskaftade. Blad strödda, runda till triangulära, sågade eller naggade. Blommor enkönade, i täta mångblommiga ax; sambyggare med han- respektive honhängen. Hanhängen övervintrar nakna, honhängen inuti knopparna. Hanblommor med rudimentärt hylle; ståndare två, ståndarsträngar tvåkluvna. Honblommor tre tillsammans på varje hängefjäll; hängefjäll treflikigt. Nötter med två tunna vingar.

Wilkipedia definerer "prosaisk" slik:

-Prosaisk brukes i overført betydning om noe kjedelig, nedtonet eller lite entusiatisk, som motsetning til poetisk.

Tuesday, March 20, 2007

Frå museumsmagasinet,objekt 1

6 strengs bassgitar, obligatorisk inventar i dei fleste danseband med ambisjonar. Representerer ei uløyst gåte for meg. -Når ein tenkjer på kva så ulike bassistar som Flea, Jack Bruce, Rick Danko, Paul McCartney, John Paul Jones og Jaco Pastorius har fått til med 4 strengar, kvifor treng ein då 6 strengar på bassen for å kompe til "Leende guldbruna øgon" ?

Sunday, March 18, 2007

Dårleg med gode emne


Var på gamle tomter i dag. Må seie der var dårleg med høvelege emne til tynneband. Kan hende er det like bra, i dag hadde nok verksemda mi fått meg på straff som miljøkriminell.

Wednesday, March 14, 2007

Dansebandmuseum ?


Vi veit kvar på kroppen dansehandtaka er festa. Men kvar finn vi dansebanda?