Tuesday, December 30, 2008

Bandanders sitt rike


Første halvdel av 80-talet arbeidde eg i Ålesund og ein kollega spurde meg ein dag kvar eg kom ifrå. Det var vel nokså tydeleg at eg ikkje var "fra byn". Som kommentar til svaret mitt fekk eg eit nytt spørsmål. "Er de der de he ein stein som ein må sitje på minst ein gong i veka for å halde seg frisk ?" (Som de kanskje ser, så var han ikkje "utta bya" kollegaen min heller). Etter å ha tenkt meg om ei lita stund, skjøna eg kva han sikta til og eg berre nikka og svarte "ja, slik er det."

Steinen han sikta til, vert kalla Leitesteinen og ligg ved stien som fører opp i Skorgedalen. Etter å ha gått gjennom Skorgeura og ei stigning på omlag 300 meter,ligg han der, kvilesteinen ved inngangen til dalen.

Skorgedalen er ikkje eit uvanleg stadnamn. Eg veit at vi her i fylket har både ein dal i Vestnes og ein i Rauma kommune med det namnet. Det er kanskje ikkje så rart at "Skorge-" er vanleg på våre kantar i og med at namnet kan ha utgangspunkt i to ulike gammalnorske ord for skar eller kløft. Slik sett kunne mesteparten av dalane på Nordvestlandet heitt Skorgedalen.

Dei aller fleste som er oppvaksne her på stranda har eit nært forhold til dalen "sin". Han er ubebueleg grunna rasfare, men på den einaste staden som vart rekna som fonntrygg, hadde dei sætra si, Skorgesætra. Ein gong var her 13 sel, eller seterbuer. 6 av dei er tekne av snøras og 3 har åra fare ille med. Så no står kun 4 att.


Men det er langt frå berre innfødde som let seg begeistre. Odin Herman Heltne heitte ein kar som var lærar på grendaskulen her rundt 1925. Han skreiv denne songen:

Skorgedalssangen

Å, du Skorgedal skjønn - lik en fantasidrøm
dine fjell imot himlen jeg ser.
Å, hvor ofte gjenlyder begeistringens strøm
fra de mange som opp til deg ser.

Ved din side du har de forstenede troll,
de er ville men vakre å se,
helst når månen forgyller om høstnatten kold,
deres topper er dekket av sne.

Ned i dalen vi møter en fossende elv,
det er Skorgeelven fossende og vill,
mens den rinner så tenker den så ved seg selv,
der hun rinner som klareste vin.

-Jeg har runnet fra Vasskoppens iskalde vann
og mitt leie har været av sten
Men nu flyter jeg stille på melfine sand,
og langs bredden står blomstrende gren.



-Odin Hermann Heltne


Det vert sagt at den eigentlege Bandanders budde i Skorgeura store deler av sommaren. Der hogg han haslerenningar som vart nytta til tønneband. I dag er Skorgeura naturreservat. Verna på grunn av mange varmekjære planter og tre, eit enormt variert fugleliv og sjølve ura då, som består av steinblokker så store som hus, restar etter Parishornet som skal ha rast ut i siste istid.

Saturday, December 27, 2008

Ny blogg

Etter ei førjulstid med blogginnlegg prega av Youtubesnuttar og andre lettvinte løysingar, har eg sett ned ein hurtigarbeidande kommite som har som mandat å kome med eit framlegg til ny bloggstruktur. Inntil vidare har eg oppretta ein rein musikkblogg der eg vil legge ut ting som etter mi svært subjektive vurdering (gåsehudtest og liknande) fortener eit større (og betre ?) publikum.

Du finn første post her: Museumsmusikk

Friday, December 26, 2008

Billege triks, ja heilt gratis faktisk


Det er så mørkt for tida at det einaste ein kan ta bilte av og som har fargar, er himmelen.Ein kan vel tenke seg at enkelte kunne finne på å spinne litt vidare på ei slik utsegn no i romjula, men eg let det i alle høve vere.

Wednesday, December 24, 2008

Og okse der og asen stod

Eg er klar over at mange meiner at country-musikk i grunnen ikkje høver til nokon verdens ting. Og aller minst som lydkulisse til tradisjonell norsk julefeiring. Men når ein tenker over det; Ein stall, oksar og asen, brækande sauer, cowboyar og gjetarar. Småkårsfolk, lavstatuskultur. "A match made in heaven". Er det ikkje det dei seier? Og englesongen tek Alison Krauss seg av.




God jul til alle.

Monday, December 22, 2008

35 år gamal festbrems eller...nei eg har ikkje ord

I dag legg eg ut 2 songar. Begge har noko med jula å gjere, men det er også alt dei har til felles. Kva for ein ville du velge om du måtte? For nokon er dette kanskje eit vanskeleg val mellom to elendige alternativ, for andre er valet truleg enkelt. Det hadde vore artig med tilbakemeldingar.




Saturday, December 20, 2008

Julesongen til The Band-Anders

Ikkje mykje glitter, stas, nissar og fjas og lyden er heilt forferdeleg. Men for 30 år sidan var dette nesten for godt til å vere sant. The Band, Robbie Robertson og juleforteljinga på ein gong.





Come down to the manger, see the little stranger
Wrapped in swaddling clothes, the prince of peace
Wheels start turning, torches start burning
And the old wise men journey from the East

How a little baby boy bring the people so much joy
Son of a carpenter, Mary carried the light
This must be Christmas, must be tonight

A shepherd on a hillside, while over my flock I bide
Oh a cold winter night a band of angels sing
In a dream I heard a voice saying "fear not, come rejoice"

How a little baby boy bring the people so much joy
Son of a carpenter, Mary carried the light
This must be Christmas, must be tonight

I saw it with my own eyes, written up in the skies
But why a simple herdsmen such as I
And then it came to pass, he was born at last
Right below the star that shines on high

How a little baby boy bring the people so much joy
Son of a carpenter, Mary carried the light
This must be Christmas, must be tonight

Friday, December 19, 2008

Kaldt og mørkt og lite sol

Eg sit her litt fortumla i dag. John Olav Egeland i Dagbladet skreiv i går i avisa si at eg er av dei som held til i det han kallar "kristenhetens mørkeste kroker", men eg merkar i grunnen ingen skilnad frå i går. Det einaste må vere at veret er litt betre. Nei, det må nok ha skjedd umerkande. Og det er vel slik at vi menneske er fleksible og kan tilpasse oss det meste.

Trøysta må vere at eg er i godt selskap. Det var herifrå Martin Luther King heldt talane sine. Mor Theresa heldt også til her, og minnest eg ikkje feil, fekk ho Nobels Fredspris her eit år, ho også. Dessutan så brukar jula å vere ei fin tid her borte. Det er her dei aller fleste julesongane held til.

Så du er hjarteleg velkomen innom. Eg er i alle fall ikkje meir desorientert enn at eg kan setje på kaffien. Te har eg óg. Og smultringar. Vil du synge julesongar, kan eg leite fram trompeten eller gitaren. Ikkje gjer det så mykje at det er mørkt heller. Stearinlysa lyser i kråa mi óg.

Sunday, December 14, 2008

Saudehornet i morgonroden


Eg tullar ikkje med dykk no altså, det var slik det såg ut i gårmorgon.

Saturday, December 13, 2008

Mikroreiseliv

Heilt frå fyrste gongen eg såg bilete av fjella nede på sørspissen av Sør Amerika, frå stader med eksotiske namn som Patgonia og Puntas Arenas, har eg vore bergteken. Bokstavleg tala. Ei mogleg årsak kan vere at dette området representerer ekstremversjonen av Sunnmøre og Sunnmørsalpane inne i hovudet mitt. Eg har aldri vore der og skal eg vere ærleg er vel sjangsane små for at eg nokongong vil reise dit. Så, inntil vidare i allefall, innbiller eg meg at eg greier meg godt med denne erstatninga. Ein stubbe etter vedhogsten for eit par år sidan

Saturday, December 6, 2008

Ikkje meir å gjere


No er det berre å sleppe taket. Skulle berre ynskje det var like enkelt å varme opp den verkelege verda som det er å varme opp eit bilete med Microsoft Office Picture Manager.

Ivar Aasen blogga ikkje anna enn småsei

Tordenbloggen er dei midt i innspurten i kåringa av den beste bloggen i kongeriket. Då 32 bloggar var att i cupen, var ikkje ein einaste nynorskblogg med lenger. På lista over "de hotteste 100 i 2008" er ikkje ein einaste av dei 50 første på lista skrivne på nynorsk. Dette kan ein sjølvsagt meine mykje om, og mange meiner sikkert at det kun er av det gode. Men ein ting trur eg vi alle kan vere samde i. Og det er at det fortel oss svært mykje om mangfaldet sine vilkår i eit grenselaust demokrati.

Til slutt noko å tenke vidare på:

It is not the fact of liberty but the way in which liberty is exercised that ultimately determines whether liberty itself survives.

-Dorothy Thompson

Tuesday, December 2, 2008

Baktungt


Eg fann ein liten papirlapp i ein skuff her ein dag. Med litt usikre blokkbokstavar var det skrive
”SYKKEL NUMMER”, etterfylt av 10-12 siffer , så eit fornamn (med litt tryggare bokstavar, det var tydeleg at det låg meir røynsle bak) og til slutt ”NAKAMURA”.

Eg hugsar då vi kjøpte den sykkelen. Han var gul, med raude gaflar og dobbel demping. Eit lite fornuftig kjøp. Men eigaren var stolt.

No står vidunderet på låven med rusta kjede og flate dekk. I går dumpa studiekatalogen frå Høgskolen i Oslo ned i postkassen og eg kjende at livet brått vart litt baktungt.

Eg høyrde nyst ei fantastisk soge om den norske kvinnelege flypioneren Gidsken Jakobsen på radioen. Ein dag ho var ute på flytur miste ho rett og slett motoren i lufta. Ikkje nok med at framdrifta var borte, den reduserte vekta i fronten gjorde at flyet vart baktungt og umogleg å kontrollere. Det var då ho og copiloten kom på at her var det berre ein ting å gjere, nemleg å krype framover i flykroppen og på den måten stabilisere flyet. Som tenkt så gjort, og på det viset fekk dei gjennomført ei kontrollert nødlanding.

Kanske det er på tide å krype litt lenger fram i flyet.

Thursday, November 27, 2008

Dagens kylling, ikkje for stive nakkar

Om du legg hovudet på skakke, ser du knskje kva dette eigentleg er.

Sunday, November 23, 2008

Ting som gjer det greit å moke snø, trass alt

3 cm regn høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men det vert ganske mykje som snø. Og vekta er 30 kilo pr. kvadratmeter. Barometeret og termometeret har køyrt berg og dalbane siste døgnet. I oppkøysla låg det difor i dagmorgon 5 tonn med tung våt snø med eit skarelag på og ein ugjennomtrengeleg brøytekant. Men slike dagar gjer det i grunnen ikkje så mykje.

Tuesday, November 18, 2008

Men november kan vere OK og


I dag trur eg ikkje det vert lyst i det heile. Då kan det vere greit å minne seg sjølv om at ikkje alle dagar er slik. Om det også hjelper på stemninga på Oslo Børs, som gjekk gjennom golvet idag, hadde vore kjekt. Men akkurat det tvilar eg på.

Thursday, November 13, 2008

Endå eit tre ? Ja, men ikkje utan grunn

Tenk deg ein mørk novemberkveld. Du står under dette treet, tuntreet, medan opprivne skyer driv over austhimmelen. I det fullmånen brått dukkar fram, ser du ein ukjend siluett på ei grein høgt oppe. Du tek eit par steg til sida for å sjå kva det er. Og der, midt i månekiva sit ho. Ugla.

Det er slikt ein berre ser på film. Og på veg over tunet for å fore sauene.

Tuesday, November 11, 2008

Kvelding i Skorgedalen



Av ein eller annan grunn hadde eg ikkje blitt så forferdeleg overraska om eg møtte huldra. Men det at eg ikkje såg henne denne ettermiddagen tek eg som eit teikn på at ho ikkje fins. I alle høve ikkje på Leitet.

Thursday, November 6, 2008

I livd av Tordenbloggen 2

Eg har ei tilståing å kome med. I går skulle eg hente materiell til ein kar som stod på hovudet i eit koplingsskap, var i ferd med å fryse fingrane av seg og var lens for kontakter. Eg sa eg vart borte i 10 minutt. Det vart 11. Årsaka ser du ovanfor.

Tuesday, November 4, 2008

I livd av Tordenbloggen


I heile november er det Tordenblogging for alle pengane. Over 250 bloggar er nominerte og det heile skal ende opp med ei uhøgtideleg kåring av Norges beste blogg.
For oss som ikkje er med på hendelset, representerer dette eit høve til å liste seg ubemerka ut av skapet for ei stund.

Vi har alle ei fortid. Eg var 9 år i 1969. Woodstockfestival. 16 år var eg i 1976, The Clash og Sex Pistols. Mykje skjer på 7 år. Eg elska den musikken som punken var eit opprør mot, symfonisk prog rock. Eit ikkjetema for musikk-kritikarar med sjølvrespekt.

Det vert sagt at alt går i byljer. Det er berre nesten sant. Rick Wakeman si live-oppsetning av konseptplata "The Myths and Legends of King Arthur and the Knights of the Round Table" med symfoniorkester og riddarturneringar på isen vert det nok aldri aktuelt å repetere. Det næraste var vel kanskje OL-åpninga på Lillehammer. Det bør vel kanskje nemnast at Wakeman gjekk konkurs som eit resultat av desse fantastiske prosjekta sine.

Men midt i det som i ettertida har fått merkelappen pompøs, teatralsk og sjølvhøgtideleg paleontologi vart det laga fantastisk musikk. Om du hadde lagt alle fordommane til side, hatt i bakhovudet at dette faktisk var laga for 35 år sidan og verkeleg høyrt på Wakeman si "Six wives of Henry VIII" og Yes si "Close to the edge" hadde du kanske skjøna at ein gut først i tenåra kunne verte imponert.

Dessutan: introen til Yes sin "Owner of a lonley heart", må vere det mest knabba riffet i musikkhistoria. Eg høyrde akkurat at Radiosporten nytta det. Eg har aldri høyrt at Yes har blitt kreditert.

Og om du vil sjå noko som verkeleg får fart i diskusjonen om det var Rick Wakeman eller Keith Emerson som var gromguten, kan du sjå her.


Thursday, October 30, 2008

Tuesday, October 28, 2008

Men så kom sola


Middag kunne eg lage seinare. No måtte eg få med meg siste rest av ettermiddagssol. Einkvan har sagt at "faktorenes orden er likegyldig". I dag trur eg litt ekstra på han, kven det no var. Hunden vart iallefall glad.

På ein dag som i dag eit anna år


Om du ser nøye etter, så finst der fargar inni der. Og i mellomtida har vi hatt både vinter, vår og den beste sommaren på...ja eg hugsar ikkje heilt. Det er vel det dei kallar "i manns minne".

Wednesday, October 22, 2008

Prosaisk

Mandag føremiddag kom ein hard vindrykk frå nordaust. Kastanjen frå førre post knakk som ein fyrstikk. Om du ser nøye etter får du forklaringa både på det eine og andre. Så mykje for den poesien.

Sunday, October 19, 2008

Rettferdstankar


Same frø
Same rot
Same stamme
Same sol
Same regn
Same milde bris
Same kalde kuling
Same oktober

Wednesday, October 15, 2008

Skattelistene er utlagde


"Der skatten din er, vil og hjarta ditt vere", står det i ei bok eg har liggande. Såleis må skattelistene vere dei mest ufullstendige listene som vert laga. Eg har lova meg sjølv å ha retteleg dårleg samvit kvar gong eg vert freista til å slå opp.

Monday, October 13, 2008

Det var eit elendig fotover den kvelden


Det hadde nok vore ein kveld for fagfolk med skikkeleg verkty. Det såg eg med ein gong eg kom heim og opna mappa med namnet "2008 10 10". Eg trur likevel ikkje eg vil slette så mange av bileta eg tok. Eg har god plass og det skal noko til at dei ikkje tener som katalysator for gode minne.

Sunday, October 12, 2008

Etter eit døgn på innpust


Eg veit ikkje om eg byrja å puste att før ferga nærma seg Larsnes. Øya er Sandsøy, fjella i bakgrunnen er Stadtlandet. Bakom der er Skottland. Der varma dei visst opp til fotball-landskamp.

Thursday, October 9, 2008

Haustgrafen, kjapt etter ein ide frå Oslo Børs


Vi visste vel alle inst inne at det måtte gå slik til slutt, men denne gongen er det litt meir usikkert kvar det heile endar.

Wednesday, October 8, 2008

Kløyve ved




Som du ser av overskrifta: Det var kløve ved eg eigentleg skulle. Men det må vel vere lov å ta seg 5-minutt innimellom.

Monday, October 6, 2008

Etter ein oktoberkuling



"Etter oss kommer syndfloden", sa Ludvig den XV ein gong, samstundes som han festa vidare ved hoffet i Versailles. Eg kan ikkje hugse å ha registrert same innsikta hjå nokon av finansakrobatane som siste åra har levd høgt på "kompliserte spareprodukt" og det som verre er.

Men akkurat no skin sola gjennom regnbygene og fargane er attende. Men eg kan ikkje sjå regnbogen nokon stad. Eit dårleg teikn for alle dei som no må ta ansvar for å redde stumpane og demme opp for den finansielle syndfloda ?

Saturday, October 4, 2008

Med fokus på det eine viktige


Ein kunne tru han visste kva som var på gang. Vi får vona at så ikkje er tilfelle.
Han vart fødd som den mellomste i eit trillingkull ein aprildag i fjor. Mor hans, 4062, kjenner eg best som som "ho som gjer så lite av seg". Faren, ein telemarking med namnet Grungesønn, har han aldri sett. Ikkje eg eller mor hans heller. Han kom til gards i eit plaststrå i ein dunk med flytande nitrogen. Ein heller kald affære.
Sommaren sin på fjellet fekk han. Det er det meste ein ver kan ha von om. I oktober slapp han gjennom nålauget på kåringssjået og vart utstyrt med kåringsnummer 200762207. Dette vart inngangsporten til knappe to månaders utsvevande liv på bygda.
Denne sommaren har han vore det faste punktet i tilveret til 8 koppelam. No er dei sende på siste reis til Førde og sjølv står han selskapssjuk og einsam borte i fjøsen medan søyene, som er komne frå fjellet, beitar rundt novene.
No strøymer resultata av førjulsturneen i fjor inn som tilvekstar, haustvekter, slaktevekter, kjøtfylde og feittmengd. Desse vert lagra i ein datamaskin som kalkulerer og kjem fram til eit tal. 120 er bra, 130, ja då byrjar det å likne på noko. 140 er strålande. Dette talet representerer forventning til produksjonsevna. Kåringsnummer kopla til ein O-indeks. Om eit par veker har vi resultatet og spørsmålet om liv og død har fått svaret sitt.
Gener og prestasjonar uttrykt som ein O-indeks. Det einaste som betyr noko. At eg kan leie han i band som ein veloppdragen hund og snu ryggen til han, nesten utan å vere redd for å få meg ein springskalle, er ikkje ein faktor i berekningane. Men har litt å seie for kor djupt det vesle stikket i hjartet vert når eg, om O-indeksen vert for lav, leier han or fjøsen for siste gong.

Wednesday, October 1, 2008

To utsnitt av verda slik ho ser ut herifrå akkurat no



Eg har sikkert teke 1000 bilete av Kvandalsfjella. Av fjorden og. Men eg sat akkurat og drakk siste, lunka skvetten av ettermiddagskaffien, kika opp frå avisa. og ut glaset. Då fekk eg det føre meg at eit par bilete til kunne vel ikkje skade.

Med fare for lokale fineversbyger


Sjå, der er eit hol i skyene. Sola skin ned på Blåfjellet.

Sunday, September 28, 2008

Sjå på han då, på feil side av gjerdet


Første skikkelege uveret denne hausten er over. I dag var vi ein liten styggeverstur mellom restane av nysnøen som sørvestkulingen la att etter seg oppe i høgda. Det var då eg kom på at eg kanskje skulle leite fram eit vårbilete.

Saturday, September 27, 2008

"0 besøk, 0 sidevisninger, 0,00 sider/besøk"

Biletet er eit arkivfoto og einkvar likskap mellom motivet og personane nemnde i innlegget er tilfeldig.

Det burde eg kanskje prøve å gjere noko med, eg veit ikkje. Ville eit trugsmål om å slette heile bloggen hjelpe? Naturlegvis ikkje. Kanhende burde eg skrive litt om det viktigaste som har hendt i kongeriket i helga, nemleg at Burre dansa seg ut av "Skal vi danse" Eller skal eg la pietisten og gledesdreparen i meg stå fram som indignert over at to av heltane mine, Lasse Kjuus og Kjetil André Aamodt let seg nytte av TV2 i deira kampanje som går ut på å usannsynleggjere markering av alt som kan smake av idrettslege opp- og nedturar utan alkohol ? I programmet "God kveld Norge" vart dei presenterte som Burresupporterar benka ved eit bord fullt av TV2-sponsa champagne og høge glas. Om også andre ting enn bordet og glasa var fulle av champagne, veit eg sjølvsagt ikkje, men dei fekk i alle høve fram poenget sitt.
Nei, eg trur eg heller vil sitere ein klok mann som ein gong skal ha sagt noko slikt:
"Den tida ein kosar seg med å kaste bort, er slett ikkje bortkasta".

Og så lenge ein har "0 besøk, 0 sidevisninger, 0,00 sider/besøk"er er det stort sett berre mi eiga tid eg kastar bort. Så de skal ikkje sjå bort frå at eg brått er attende med meir lausprat.


Tuesday, September 23, 2008

Vilkårleg fakturering



Vakkert. Men alt har sin pris. Og faktureringsrutinene verkar temmeleg vilkårlege.

Sunday, September 14, 2008

To dagar, nærmast identisk vermelding

På ettersanking

Sjølve sankardagen

I

Tuesday, September 9, 2008

Skal tru

Dette var ikkje i samsvar med vermeldinga. Frå Sæbø mot Leknes. Eit sjeldant bilete. Ikkje mange som tek bilete herifrå utan at Slogen er hovudmotiv. Men han er der, inni skoddeheimen.


Ja, det er faktisk dit vi skal. Hornindalsrokken

Jaudå. Han skein av. Langt ned til Tussavtnet. 900 m rett ned.

Thursday, September 4, 2008

Om du går gjennom "Fields of gold" eller "Hell & High Water"


Eg laga meg ein gong ei liste over bloggar eg ofte var innom og la dei på lesaren til Google. På den måten kunne eg halde meg oppdatert på kven som la ut nytt stoff utan å måtte klikke meg rundt og sparte meg nokre sekund om dagen på det. No er det ei stund sidan eg var innom, men i går sjekka eg ut kva som ligg bak alle lenkene rundt om på hovudsida til Google og eg klikka meg inn på "leser". Heilt tomt. Det einaste som låg der var dei siste to innlegga mine på "Den blå Klinkekula".

Samstundes høyrde eg Liverpool-songen "You never walk alone" på radioen. Eg er ikkje Liverpool-fan. Interessa mi for fotball har faktisk minka proposjonalt med auken i fotballrundtomkringpratet på TV. Før kunne ein sjå kampen og så kunne ein snakke om han med verkelege menneske etterpå. No er alt gjennomanalysert og ferdigtygd før ein trykker på "Av" knappen på TV. Men som sagt, eg høyrde "You never walk alone" og lista over oppdaterte bloggar var og er tom. Ein kan verte Liverpool-fan av mindre.

Elles så høyrde eg ei anna tekstline i går som surrar rundt i hovudet mitt i dag. Ho går slik:


If you're walking through hell and high water

Please don't do it alone


Lina er henta frå songen "Hell & High Water" av og med Black Stone Cherry. Eg veit lite om bandet bortsett frå at medlemene er fire unge menn frå Kentucky som spelar skikkeleg, god, og hard rock. Eg vil ikkje gå god for kor politisk korrekte dei er. Og kanskje er det å reklamere for slik musikk ein risikosport dersom ein vil framstå som seriøs. Men eg vart rett og slett glad av å høyre gjennom songane dei har lagt ut på myspace. Glad på ein måte som liknar kjensla ein har etter å ha høyrt Springsteen med songane frå "We shall over come". Det held i lange baner for meg.

Moralen i dag er altså: If you're walking through hell and high water, please don't do it alone. Men stol ikkje på internett.

Monday, September 1, 2008

Lerka

Biletet har eg knabba frå www.agderfugl.net


I fjor haust publiserte eg ein post der eg siterte 1. verset av Per Sivle sin tekst "Lerka". Dette har ført til at minst halvparten av dei som landar her på bloggen via ein eller annan søkemotor har søkt på "Å vesle lerka" eller noko liknande. For ikkje å skuffe alle desse, legg eg no ut alle fire versa. At dei 3 første versa byrjar med "Og" er ikkje trykkfeil. I alle høve ikkje frå mi side. Om rettskriving var Per Sivle si sterkaste side veit eg ikkje.

Lerka

Og vesle lerka, ho hev det so
at finn ho ein tuvetopp fri for snjo,
so kved ho i med sin finaste song,
so trur ho på våren med ein einaste gong.
"Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili, tirili-ti!"

Og vesle lerka, ho hev det slik
at finn ho ein solstråle, so vert ho rik.
Då stig ho i høgdi og trallar i lit
til sumar på jord, endå snjoen ligg kvit.
"Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili, tirili-ti!"

Og lyngtuva, det er lerka sitt fat.
Der set ho seg ned, og so fær ho seg mat.
Og når ho er mett, ho takkar so glad
vår herre for maten, med kvitter og kvad
"Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili, tirili-ti!"

Gud signe deg! Du er fuglen min, du!
Gud signe no deg med di glade tru!
Og møter eg kulde og snjo på min veg,
Gud gjev meg i soltru å kveda med deg:
"Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili-tirili-ti!"

Per Sivle

Dersom du hamnar på denne sida og eigentleg er ute etter å vite meir om lerker, fuglar altså, må eg berre sende deg vidare til miljolare.no. God tur vidare.

Sunday, August 31, 2008

Ja, det er Vakkkerstølen vi ser der vest

2 timar til Vakkerstølen, 3 timar til Pyttbua, men berre 20 minutt ned til bilen. Det er med litt blanda kjensler ein set seg i bilen etter ei ferfekt helg i fjellet. Men no, ei veke etter, er alt lagra i skuffen merka "Gode minne".


Utsikt til, frå venstre: Karihø, Karitind, Høgstolen og Pyttegga


Saturday, August 23, 2008

sommar=pils ?


I nettutgåva til Aftenposten spør dei i dag:

Blir det mer sommer i år?

Eg har stole illustrasjonsfotoet dei nytta.

Førre helg kjøpte eg papirutgåva til den same avisa. Hovudsaka i Magasinet var vårt problematiske forhold til alkoholen.

Ei av overskriftene som var nytta var :

Hva? Drikker du ikke? Les meir

Det er då eg spør meg sjølv fylgjande spørsmål. Kva gjer media for å fortelje oss at likninga i overskrifta ikkje stemmer ? Har dei eit ansvar her ?

Wednesday, August 6, 2008

Berre ein stein på hagebordet


Eg kika ut kjøkenglaset og der låg han i ei søyle på hagebordet. Tenkte berre de kunne få sjå han de og.

Skal vi orke ein gong til, folkens

Livet er ein kamp. Som om ikkje motorsaga var ille nok, så måtte sjølvsagt koppelamma også ha sitt.

Monday, August 4, 2008

Men ikkje eit vondt ord om finever

Snart oppe no. Litt anna stemning her enn på bileta frå omlag same staden i førre post

Saudehornet, sett frå Nivane, 4 dagar før "Saudehornet rett opp". 1303 meter stigning på vel 5 km. Vinnartida i år, om lag 50 minutt, men rekorden er under 48 minutt. Piece of cake.....med helikopter.

Sunday, August 3, 2008

Eg er godversven med syden

Høgare kjem du ikkje i Kykladene. 1003 m.o.h. Fjellet heiter Zeus eller Saz eller.... (alt etter kva kart du kikar på) Fint var det uansett. Men det kjennest mest som å svikte gamle vener.


Desse kan eg stole på. Om alle fly vert sette på bakken. Det er berre å snøre på seg skorne (eg treng ikkje å starte bilen eingong) og etter vel ein times tid så har eg denne utsikta. (Bak skoddedotten som sig inn frå venstre lurer Stadtlandet.

Ikkje er eg avhengig av finever heller.