Friday, February 27, 2009

Livsfilosofi ?


Legg fullt over, gi full gass.

Thursday, February 26, 2009

Vs: FW: Vb: VS:


Eg fekk ein e-post her ein dag. Emnet var "Vs: FW: Vb: VS:" Var det eigentleg meininga at eg skulle få han ?

Wednesday, February 25, 2009

No spår yr.no gråver neste 10 dagane


Eg ser at finanskrisa er spådd å vare til 2013 og at oppturen då vil verte brattare en nedturen vi er med på akkurat no. Ja, dei har vel rekna på det. (men kvifor høyrde vi så lite om den komande nedturen for 4-5 år sidan ?)
Ein får ordne seg med voner på "mellomlang sikt", som det heiter. Litt lenger enn yr sine 10 dagar og ein god del kortare enn Ola Grytten sine 4 år. Ein fineversdag i Skorgeura i månadskiftet mai/juni kanskje ?

Tuesday, February 24, 2009

Talerør


Ja, eg ligg no her på kumloket mitt. Her har eg lege i fleire år no, heilt sidan dei fann ut at eg ikkje var brukande lenger. Kor lenge eg vert liggande, veit eg ikkje. Kan hende er det du som kjem forbi her ein dag og kastar meg langt ned i skogen, eller kanskje du er av det idealistiske slaget og leverer meg til attvinning.
Uansett er det litt rart å tenkje på at for nokre år sidan sat der folk på eit kontor med dimensjoneringstabellane sine, kanskje brukte dei endåtil reknestav for å gjere utrekningane sine. Det er ikkje utruleg at dei måtte slå opp i den gamle læreboka si heller.


Reynoldstal er den vanligst forekommende dimensionsløse størrelsen innenfor strømingsmekanikken, og forteller oss om væsken vil strømme laminært eller turbulent. Tallet kan også sees på som et dimensionsløst tall for viskositeten.


ρ = densitet
μ = dynamisk viskositet
ν = kinematisk viskositet
L = typisk lengde
V = typisk hastighet

Ved rørstrømning inntrer det kritiske punktet når Reynoldtallet, Re, nærmer seg 2300. Under dette punkt regner man med at væsken strømmer laminært og over grensen; turbulent. Man kan betrakte Reynolds tall som forholdet mellom treghetskrefter og friksjonskrefter. Ved turbulent strømning dominerer treghetskreftene.

Og så fann dei ut at det var akkurat meg dei hadde bruk for. Dei skulle sett meg no.

Wednesday, February 18, 2009

Lov om husleieavtaler (husleieloven).



§ 2-2. Generelle krav til tilstand

Husrommet skal ved overleveringen være i samsvar med de krav som følger av leieavtalen. Er ikke annet avtalt, skal husrommet med tilbehør ved overleveringen være ryddet, rengjort og i vanlig god stand.

Er ikke annet avtalt, har husrommet dessuten en mangel dersom det ikke

a) passer til de formål tilsvarende husrom vanligvis blir brukt til, eller

b) passer til de særlige formål som leieren etter avtalen skulle bruke husrommet til, med mindre forholdene viser at leieren for så vidt ikke bygde på utleierens sakkunnskap eller vurdering eller ikke hadde rimelig grunn til å gjøre det.

Monday, February 16, 2009

Ingenting fjerna, ingen ting lagt til


Berre vekta på min måte, slik ein ofte gjer med bokstavar og ord.

Friday, February 13, 2009

Teori og praksis


The French originated the meter in the 1790s as one/ten-millionth of the distance from the equator to the north pole along a meridian through Paris. It is realistically represented by the distance between two marks on an iron bar kept in Paris. The International Bureau of Weights and Measures, created in 1875, upgraded the bar to one made of 90 percent platinum/10 percent iridium alloy.

In 1960 the meter was redefined as 1,650,763.73 wavelengths of orange-red light, in a vacuum, produced by burning the element krypton (Kr-86). More recently (1984), the Geneva Conference on Weights and Measures has defined the meter as the distance light travels, in a vacuum, in 1/299,792,458 seconds with time measured by a cesium-133 atomic clock which emits pulses of radiation at very rapid, regular intervals


Thursday, February 12, 2009

Wednesday, February 11, 2009

Reklame

Eg har lenke til Henrik bortpå høgresida her, men i dag vil eg gje han litt ekstra reklame. Dersom du ikkje har vore og kika før, vil eg rå deg til å ta deg ein tur. Løp og kjøp (ja du kan faktisk det og)

Mor, gi meg solen


Men det er ikkje alle gjeve å halde sola utan å svi fingertuppane.

Monday, February 9, 2009

Ser du han ?


Han er den verkelege stygge andungen. Men som du kanskje ser, han veit det ikkje sjølv.

Sunday, February 8, 2009

Ventetid


Av og til kan ventetida vere lang. Litt trasig då, om døra eigentleg har vore open heile tida.

Thursday, February 5, 2009

Wednesday, February 4, 2009

Cold exercises in low-fi



På norsk skulle vel det verte noko slikt som "Kalde øvingar i lav naturtruleik". Eg synest ikkje det høyrest like tøft ut. Orsak Ivar.

Monday, February 2, 2009

Kaffibartre


Resultatet vart perfekt. Objektivt sett: Brunt, varmt og med ein smak av kaffi. Det er i grunnen alt som skal til.

Og til reingjeringa av bålkjelen nyttar du "Jif professional ovnsrens". Spray på, vent eit kvarter til 20 minutt, skyll godt og Kaffilars vert som ny. Ikkje til å tru. Reklamen held det han lovar. Det har eg aldri opplevd før frå den kanten. Korleis omnsrensen for amatørar skulle fungere, veit eg ikkje.