Tuesday, February 24, 2009

Talerør


Ja, eg ligg no her på kumloket mitt. Her har eg lege i fleire år no, heilt sidan dei fann ut at eg ikkje var brukande lenger. Kor lenge eg vert liggande, veit eg ikkje. Kan hende er det du som kjem forbi her ein dag og kastar meg langt ned i skogen, eller kanskje du er av det idealistiske slaget og leverer meg til attvinning.
Uansett er det litt rart å tenkje på at for nokre år sidan sat der folk på eit kontor med dimensjoneringstabellane sine, kanskje brukte dei endåtil reknestav for å gjere utrekningane sine. Det er ikkje utruleg at dei måtte slå opp i den gamle læreboka si heller.


Reynoldstal er den vanligst forekommende dimensionsløse størrelsen innenfor strømingsmekanikken, og forteller oss om væsken vil strømme laminært eller turbulent. Tallet kan også sees på som et dimensionsløst tall for viskositeten.


ρ = densitet
μ = dynamisk viskositet
ν = kinematisk viskositet
L = typisk lengde
V = typisk hastighet

Ved rørstrømning inntrer det kritiske punktet når Reynoldtallet, Re, nærmer seg 2300. Under dette punkt regner man med at væsken strømmer laminært og over grensen; turbulent. Man kan betrakte Reynolds tall som forholdet mellom treghetskrefter og friksjonskrefter. Ved turbulent strømning dominerer treghetskreftene.

Og så fann dei ut at det var akkurat meg dei hadde bruk for. Dei skulle sett meg no.

2 comments:

Anonymous said...

Ja, dette gjekk over mitt haud og langt inn i presten sitt. Men det er bra nokon tek på seg å forstå slikt.

Anonymous said...

Ja, ikkje sant? Sjølv dei mest sjølvsagde ting. At steikeomnen din vert passeleg varm når du vrir på brytarane -tenk på alt som skal til.