Tuesday, December 30, 2008

Bandanders sitt rike


Første halvdel av 80-talet arbeidde eg i Ålesund og ein kollega spurde meg ein dag kvar eg kom ifrå. Det var vel nokså tydeleg at eg ikkje var "fra byn". Som kommentar til svaret mitt fekk eg eit nytt spørsmål. "Er de der de he ein stein som ein må sitje på minst ein gong i veka for å halde seg frisk ?" (Som de kanskje ser, så var han ikkje "utta bya" kollegaen min heller). Etter å ha tenkt meg om ei lita stund, skjøna eg kva han sikta til og eg berre nikka og svarte "ja, slik er det."

Steinen han sikta til, vert kalla Leitesteinen og ligg ved stien som fører opp i Skorgedalen. Etter å ha gått gjennom Skorgeura og ei stigning på omlag 300 meter,ligg han der, kvilesteinen ved inngangen til dalen.

Skorgedalen er ikkje eit uvanleg stadnamn. Eg veit at vi her i fylket har både ein dal i Vestnes og ein i Rauma kommune med det namnet. Det er kanskje ikkje så rart at "Skorge-" er vanleg på våre kantar i og med at namnet kan ha utgangspunkt i to ulike gammalnorske ord for skar eller kløft. Slik sett kunne mesteparten av dalane på Nordvestlandet heitt Skorgedalen.

Dei aller fleste som er oppvaksne her på stranda har eit nært forhold til dalen "sin". Han er ubebueleg grunna rasfare, men på den einaste staden som vart rekna som fonntrygg, hadde dei sætra si, Skorgesætra. Ein gong var her 13 sel, eller seterbuer. 6 av dei er tekne av snøras og 3 har åra fare ille med. Så no står kun 4 att.


Men det er langt frå berre innfødde som let seg begeistre. Odin Herman Heltne heitte ein kar som var lærar på grendaskulen her rundt 1925. Han skreiv denne songen:

Skorgedalssangen

Å, du Skorgedal skjønn - lik en fantasidrøm
dine fjell imot himlen jeg ser.
Å, hvor ofte gjenlyder begeistringens strøm
fra de mange som opp til deg ser.

Ved din side du har de forstenede troll,
de er ville men vakre å se,
helst når månen forgyller om høstnatten kold,
deres topper er dekket av sne.

Ned i dalen vi møter en fossende elv,
det er Skorgeelven fossende og vill,
mens den rinner så tenker den så ved seg selv,
der hun rinner som klareste vin.

-Jeg har runnet fra Vasskoppens iskalde vann
og mitt leie har været av sten
Men nu flyter jeg stille på melfine sand,
og langs bredden står blomstrende gren.



-Odin Hermann Heltne


Det vert sagt at den eigentlege Bandanders budde i Skorgeura store deler av sommaren. Der hogg han haslerenningar som vart nytta til tønneband. I dag er Skorgeura naturreservat. Verna på grunn av mange varmekjære planter og tre, eit enormt variert fugleliv og sjølve ura då, som består av steinblokker så store som hus, restar etter Parishornet som skal ha rast ut i siste istid.

4 comments:

Anonymous said...

I bilen frå nyttårsferie og heim til Oslo høyrde eg eit portrett av Arthur Klæbo, som mellom anna snakka om dei fæle rasulukkene i Tafjord -34, Loen -36 og ei tredje som eg ikkje huskar i -37. Det er underleg, dette med at folk insisterer å bu under eller overfor nutar og hammarar som kan gjere så uendeleg stor skade.

Anonymous said...

Ja, det er underleg. Men i eldre tider hadde ein vel ikkje noko val. Det syner seg likevel at den eldre busetnaden oftast var plassert der han var minst utsett for naturkreftene enten det no var snøskred, fjellskred, vind eller flaum. Det som er verkeleg underleg er at vi siste åra har valt å sjå bort frå den gamle dyrekjøpte kunnskapen.

Anonymous said...

Nja, eller der er slik fatt: Det er kun det beste som står igjen, og som vi ser i dag. Resten er råtna på rot eller tatt av flommen for lengst, og spora er få til ingen. Mest er det nok en kombinasjon.

Anonymous said...

Ja, det er nok ein kombinasjon. Den gamle dyrekjøpte kunnskapen var vel nettop eit resultat av at ein gjennom lang tid hadde funne ut kva som gjekk an og ikkje. "Survival of the fittest".