Thursday, January 10, 2008

Lid du av fordommar mot 3-akkordsongar ?

Vil du vere med på audiokognitivt medisinsk eksperiment ?

Gå inn på Google

Skriv "welch rawlings i´ll fly away" (utan hermeteikn)

Velg 1. treffet

Spel videoen

Det var det heile, men hugs: Sjå heile filmen. Faren er stor for at du utviklar multiresistens dersom du avbryt behandlinga for tidleg.

Er du retteleg dårleg og ikkje orkar alt dette styret, er det berre å klikke her: Klikk
Dei som vil ha placebo kan klikke her: Klikk

Sidan dette er eit eksperiment, er eg takksam for tilbakemeldingar.

Eg gjer merksam på at songen inneheld ein 4. akkord, ein moll akkord som går over ei takt eller noko slikt. Så om du skulle føle deg betre no, kan eg ikkje garantere at du er fullstendig kurert. Men om du høyrer nok på dette radarparet, helst med skikkeleg lydkvalitet, skal eg nærast garantere at du vert bra.

2 comments:

Avil said...

No er eg grusomt nysgjerrig på kva du meiner burde skje med meg etter å ha høyrt på Gillian og David.

Mi umiddelbare oppleving er at det var bittelitt skrekkeleg.

Anonymous said...

Trur det skulle passe med eit Ibsen-sitat no:

”Se det fikk Fanden fordi han var dum, og ikke beregnet sitt publikum”

For å vere litt seriøs, så hadde eg faktisk ein intensjon om å vise at innanfor dei dei trange rammene 3 akkordar set, er det rom for både eigenart, musikalitet og virtuositet. Eg innser no at eit piratopptak frå ein utandørs musikfestival ikkje var det beste dømet eg kunne valt.

På den andre sida, dersom ein legg fylgjande definisjon på ein fordom til grunn,

"En fordom, i psykologisk mening, er en forhåndsmening, som man fatter uten først å ha undersøkt saken"

så skulle du no vere kvitt eventuelle fordommar. Ein stadfesta fordom er pr.definisjon ingen fordom lenger.

Men skaff deg "Revelator" eller ei anna plate av paret. Ikkje ørande lite skrekkeleg eingong.