Friday, May 25, 2007

CO2-nøytral bioklippar



Tekniske data:

Vekt:
100 kg +

Effekt:
Er hard i bandet. Du greier ikkje å halde han att med glatte sko.

Kapasitet:
Avhengig av apetitt, smakelegheit på gras og i kor stor grad du greier å lære han å gå i band.

Utslepp:
CO2-nøytral, men slit med metanutsleppet. Ein må ha evne til å oversjå utslepp i fast og flytande form.

Standardutstyr:
Halsband, svivel, kjetting og makkekur. Vert levert med 4 integrerte grasoppsamlarar; Vomma, nettmagen, bladmagen og løypen, noko som sikrar fullstendig biolologisk nedbrytning av graset.

Ekstrautstyr:
Elekrisk gjerde. Kan truleg leverast med metanhandtering i framtida ein gong. Vurderer å setje Fredric Hauge og Kjell Inge Røkke på saka.

Det må nemnast at han er ekstra hard i bandet i perioden november-februar, men inntil vidare er ikkje dette ei aktuell problemstilling.

3 comments:

Per Kristian said...

Kva med eit metandrive minikraftverk for drift av straumgjerde? Det burde jo late seg gjere. Og sjølv om det er ei stund sidan eg sysla med sånt, så burde jo drivhuseffekten av nettoutsleppet gå noko ned med forbrenning av metanen?

Anonymous said...

dette var rett og slett skikkeleg artig å lese. Mykje betre enn sånn vanleg tomt pjatt som min eigen kvardag er gjennomsyra av. Fann bloggen din via gjesteboka til Are Kalvø, triveleg det. Håpar du ikkje har noko imot at eg legg ut link til sida di på min eigen blogg?

Anonymous said...

Nei,Henrik det har eg ingenting i mot. Tvert om. Det hadde vore morosamt om nokon las det eg med ujamne mellomrom legg ut her og om nokon i tillegg skulle glede av det, ville det vere heilt supert.