Saturday, November 10, 2007

På tur i Ørnulf Opdahl sitt rike





I dag har vi surfa inn Breisundet på restene etter Andrea som så vidt var innom oss før helga. Det må ha vore i slikt ver Ørnulf Opdahl har laga maleria eg likar best, dei som ser heilt abstrakte ut, heilt til du med eigne auger ser nordavinden rive hol i svarteskyene og gjennom små rifter sleppe lyset ned på fjorden, ein fjelltopp eller ein holme. Då ser du at måleria er meir naturtru enn det beste fotografi. I dag såg vi Opdahlmotiv kvar vi snudde oss. Kanskje ikkje så rart. Vi segla bokstavleg tala rett forbi stovedøra til kunstnaren.




Snart i hamn, nesten svartestille og segla pakka ned.

3 comments:

Anonymous said...

Opdahl sine måleri er så uendeleg fine.

Og eg er misunneleg på seglkunna di, no skal nokre av personane i boka mi segle ut på ope hav i ein knarr, men eg må google meg fram til alle moglege detaljar, og det vert ikkje som å ha vore der.

Anonymous said...

Eg skal ikkje skryte på meg stor seglkunne. Men eg har verdas beste nabo og eg har hatt høve til å vere mannskap på nokre turar. Dette var ein av dei finaste og mest spesielle.

Avil said...

Det såg veldig fint ut. *drøyme*