Tuesday, January 20, 2009

06-6048

Einkvan eg ikkje kjenner i Førde hadde med svart tusj skrive namnet og adressa mi med store blokkbokstavar på ein konvolutt. Sist fredag låg denne, ein fora C5 konvolutt, i postkassen min. Han kjendest tom ut, men då eg opna han, låg der fem svarte plastskiver, omlag 3 cm i diameter og med eit hol i midten. I tillegg fann eg fem svarte plaststrips og ei monteringsvegleiing.

Laurdag kveld ringde dyrebilsjåføren og sa frå om at dyra skulle hentast tysdag morgon.

Mandag kveld tok eg med meg konvolutten i fjøsen. Eg fylgde oppskrifta, med stripsa festa eg dei svarte plastskivene til eksisterande øyremerke på dei dyra som skulle leverast.

Inne i dei svarte plastskivene ligg der ein RF-chip med mitt leverandørnummer innprogrammert, og etterkvart som sauene vert slakta vert chipane avlesne automatisk. Enkelt, effektivt og greitt.

Eg gjorde meg mine tankar då eg såg ut over flokken før eg let att fjøsdøra den kvelden. Ikkje det at det vanlegvis gjer meg så forferdeleg mykje å sende dyr på slakteriet. Nei, tankane gjekk heller bakover i historia og utover i verda og til alle oss som berre fyl oppskrifta og gjer ein jobb, let vere å setje spørsmålsteikn, uten å tenke oss om. Merker og festar merkelappar, uten å ville sjå konsekvensane.

4 comments:

Per Kristian said...

Er dette ein søknad om å få "De velvillige" til gebursdagen?

Anonymous said...

Ja. Men april er kanskje ikkje månaden for å starte på eit slikt prosjekt.

Aina Basso said...

Korfor trudde eg plutseleg at det var fem svarte diamantar i konvolutten?

Anonymous said...

Fordi du er ein optimist,kanskje?