Saturday, December 13, 2008

Mikroreiseliv

Heilt frå fyrste gongen eg såg bilete av fjella nede på sørspissen av Sør Amerika, frå stader med eksotiske namn som Patgonia og Puntas Arenas, har eg vore bergteken. Bokstavleg tala. Ei mogleg årsak kan vere at dette området representerer ekstremversjonen av Sunnmøre og Sunnmørsalpane inne i hovudet mitt. Eg har aldri vore der og skal eg vere ærleg er vel sjangsane små for at eg nokongong vil reise dit. Så, inntil vidare i allefall, innbiller eg meg at eg greier meg godt med denne erstatninga. Ein stubbe etter vedhogsten for eit par år sidan

2 comments:

Anonymous said...

Godt observert.

Anonymous said...

Det er sjeldan nokon ulempe å ha augene med seg. Synd vi så ofte legg dei att heime. Og har ein dei med seg, har ein som oftast ikkje med seg kamera.