Saturday, May 31, 2008

Det er no litt gale å snu ryggen til dette

Tenkte det kunne vere greitt å vise utsikta frå benken ein dag midt i mai.


Uinteresserte ? Ja, men no er det ikkje mange dagane før de skal til fjells.

Friday, May 30, 2008

Ting vi berre seier

Den svenske forfattaren og artisten Jonas Gardell er intervjua av Signe Tynning for magasinet "no19". Der får han seg til å seie:

-Jeg har to barn og de tar utrolig mye tid.

Barn tar tid. Skulle berre mangle. Men om Jonas hadde spurt meg, så kunne eg fortalt han at barn gir dei finaste stundene.

Thursday, May 29, 2008

Det tok si tid


No kan eg trygt rå deg til å setje deg og nyte morgonsola.

Sunday, May 18, 2008

Heldigvis sit ingen på benken


Kva tankar hadde du gjort deg dersom du såg at einkvan sat på benken i bakgrunnen ?
Etter å ha tenkt meg litt om: Eg trur eg snur den benken.

Friday, May 9, 2008

Ugras

Ugras eller ikkje, det handlar mest om å vere på feil stad til feil tid. Men av og til er det ei fullstendig irrelevant problemstilling.

Tuesday, May 6, 2008

Ein gong var her snø.


Eg trur Laika saknar han.

Saturday, May 3, 2008

Alm extreme


Eigentleg eit resultat av ein uberekneleg touchpad på PC´en , men eg tykte det vart litt tøft. Dessutan er fjella "mine" med på biletet.

Thursday, May 1, 2008

Det er vår

Så dette tåler vi .

Som de kanskje skjønar, har eg tre på hjernen. Det store spørsmålet er om det gjer meg til treskalle.

Fleire tre finn du her