Sunday, December 16, 2007

Og verda går si skeive gang


Tenk om alt kunne fiksast ved å flytte seg ein halv meter til sida og opp. Men då hadde verda sett heilt annleis ut. Heilt svart faktisk.

Thursday, December 6, 2007

Er det ei naturlov, må det verte slik ?


Fotografen Thomas Borberg i avisa Politiken i København har her fanga eit av resultata etter kampen om ungdomshuset Ungeren i København.

Eg trur at ynskje om makt, kynisme, grådigheit og egoisme er ganske jamnt fordelt i dei fleste lag i samfunnet. Eg likar også å tru at rettsstaten og likskap for lova skal fungere som eit vern mot dei mest ekstreme og destruktive fylgjene av slike menneskelege eigenskapar.
Kva vern har då enkeltindividet dersom ein vel å plassere seg utanfor dette systemet ? Kardemommelova funkar sikkert OK så lenge alle, også dei svakaste, er samde i definisjonen på ”snill og grei”, men vi har nøgda av døme på at den justisen som kan utvikle seg innanfor slike alternative miljø kan ha svært usympatiske drag.

Dette meiner eg samstundes som eg har sans for mange av dei aksjonane som opp i gjennom tidene har blitt definert som sivil ulydnad. Føresetnaden er at den sivile ulydnaden vert nytta som eit middel for å setje fingeren på eit sprik mellom ”lovens bokstav” på den eine sida og allmenn rettsoppfatning eller det som vert oppfatta som sunn fornuft på den andre.

Men spør du dei som måtte rydde opp i butikken sin, har dei kanskje eit anna syn på saka.

Saturday, November 10, 2007

På tur i Ørnulf Opdahl sitt rike





I dag har vi surfa inn Breisundet på restene etter Andrea som så vidt var innom oss før helga. Det må ha vore i slikt ver Ørnulf Opdahl har laga maleria eg likar best, dei som ser heilt abstrakte ut, heilt til du med eigne auger ser nordavinden rive hol i svarteskyene og gjennom små rifter sleppe lyset ned på fjorden, ein fjelltopp eller ein holme. Då ser du at måleria er meir naturtru enn det beste fotografi. I dag såg vi Opdahlmotiv kvar vi snudde oss. Kanskje ikkje så rart. Vi segla bokstavleg tala rett forbi stovedøra til kunstnaren.




Snart i hamn, nesten svartestille og segla pakka ned.

Tuesday, October 23, 2007

Og vesle lerka ho hev det so

Mange kjenner sikkert Per Sivle sin song "Lerka"frå før. For å friske opp minnet, får du likevel første verset her:


Og vesle lerka, ho hev det so
at finn ho ein tuvetopp fri for snjo,
so kved ho i med sin finaste song,
so trur ho på vår med ein einaste gong.
"Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili, tirili-ti!"


No er det visst ikkje berre lerka som "hev det so", lenger. Eit par dagar med opplettver og temperaturar rundt 10 grader, så vart sauene overtydde om at våren var på veg, fann seg eit hol i bøgarden og strauk til fjells. Snøkaven på sankardag var fullstendig gløymt. Som ein kan sjå av biletet, var det ikkje akkurat grønegraset som lokka.


Så kva sauene eigentleg var ute etter, er ikkje godt å seie. For Nivasida er for tida ein ugjestmild stad. Det fekk i alle fall karen nedanfor erfare. Truleg har han møtt sin overmann ein dag i førre veke. Det må ha vore litt av ei kjempe. Det er ikkje kven som helst som går sigrande ut av kampen med ein 12-taggar i god form.





Friday, September 28, 2007

Kontrast til den førre posten


Er du også ein av dei som ikkje har lese plan og bygningslova ? Her kjem eit lite sitat:


§ 74. 2

Kommunen skal se til at ethvert arbeid som omfattes av loven, blir planlagt og utført slik at det etter kommunens skjønn tilfredsstiller rimelige skjønnhetshensyn både i seg selv og i forhold til omgivelsene. Tiltak etter denne lov skal ha en god estetisk utforming i samsvar med tiltakets funksjon og med respekt for naturgitte og bygde omgivelser. Skjemmende farger er ikke tillatt og kan kreves endret.

Kommunen kan utarbeide retningslinjer for estetisk utforming av tiltak etter loven.


Denne posten er utelukkande meint som ei marknadsføring av bloggen Ørsta Estetiske. Ta deg ein tur.

Sunday, September 23, 2007

Så slutta det å regne...ei lita stund

No trur eg at eg skjønar litt av kva Noah følte då det slutta å regne. Det einaste som mangla var regnbogen, men kven treng vel den, i fjellet, i september ?

Tuesday, September 18, 2007

Eit lite utsnitt av ein septemberdag


Når "Tiedemann & Gude" laga maleri, var det som regel Hans Gude som mala landskapet medan Adolph Tiedemann mala personar og slikt. Etter det eg veit, var aldri Hans Gude på våre kantar, men rett som det er, kan det sjå slik ut berre ein kastar augene ut glaset.

Sunday, September 16, 2007

Berre noko eg fann på hegnar.no i dag


Knesmerter kan varsle om lungekreft

Smerter i ett av knærne kan være et tidlig symptom på lungekreft, mener italienske kreftforskere.

Artikkel av: NTB (15.9.07 10:13)


Relaterte artikler :
- Nervøse briter tar penger ut av kriserammet bank

- Ingen kanselleringer for Widerøe i helgen

- Vil legge ned matopplysningskontor

- Får ikke fjerne piggdekkavgiften

Det er mogleg at det er eg som er innsnevra, men eg har problem med å sjå relevansen her. Kan nokon hjelpe meg ? Premien vert eit års gratis medlemskap i "Foreningen til fremme av den utvidede relativitetsteori"

Sunday, September 2, 2007

Versjuk ?

Vi hadde ein gløtt av blå himmel for to dagar sidan, men no er det så gale at det endåtil regnar or sola. Ikkje rart at biletredigeringa går fullstendig over styr. Og på yr.no spår dei same veret i 10 dagar framover. Og då er det snart jul. Men versjuk ? Tjaa...

Friday, August 31, 2007

I dag har eg verdas finaste arbeidsplass, sol og alt







Den dagen utsikta vert eit skattbart frynsegode, har eg to alternativ:
  • Snyte på skatten

  • Bytte arbeidsplass

Saturday, August 25, 2007

Den eigentlege Band-Anders

Han heitte eigentleg Anders Hoffrenning (Dette namnet er nytta på gravsteinen hans, nokre andre kjelder gir han namnet "Hogrenning" ), "fødd i 1836 i Loen sogn, Stryn prestegjeld, titt ova vatnet, og då kan du rekne det sjølv" – slik han sjølv uttrykte det.

Størstedelen av sitt vaksne liv heldt han til i Ørsta og han levde av det naturen gav. Han tente til livsopphaldet med mellom anna småfiske og produksjon av tønneband. Emna til tønnebanda var haslerenningar han hogg i Skorgeura sommarstida.

No er Skorgeura naturreservat og Anders ville i dag vere miljøkriminell.

Det er stunder då eg tenkjer med meg sjølv at oppretting av verneområde er ei fallitterklæring. Det er då skilnad på forvaltning og hermetisering. Er vi ikkje komne lenger enn at trugsmål om bøter og fengsel må til for at vi skal ta vare på verdiane i naturen ?


Monday, August 6, 2007

På rett veg


Gjev stadfestinga av rette vegval alltid var like tydeleg.

Tuesday, July 24, 2007

Småskala, halvøkologisk fyrverkeri


Fyrverkeri av type Póa praténsis (Engrapp). Fungerer kun i skikkeleg regnver, krev ekstern lyskjelde og må fangast med kamera. Produsert ved hjelp av fotosyntese utan anna tilsetningsstoff enn "saudeparlar"og er fullstendig nedbrytbart i naturen.
Åtvaring:
Dersom nedbrytninga i naturen går føre seg utan nok tilførsle av oksygen, vil klimagassen metan verte danna og den stakkars Engrappen vert miljøversting på line med sau, ku, hjort,rein, elg og Bambi.

Tuesday, July 17, 2007

I regnskogen


Frå før har vi "Saudehornet rett opp", X2 og Dei Nynorske Festspela. Kan det tenkjast at regnskogsafari vert det neste ? (Biletet er teke midt i løypetraseen til X2)

Sunday, July 15, 2007

Med enkle middel

Himmel på jord med litt himmel, ein del jord -og ein termos med kaffi.

Tuesday, June 26, 2007

Ny morgon på veg

Sommarnatt. Sola har akkurat teke kvelden og i aust kan du sjå morgonen starte førebuingane til ein ny dag.

Sunday, June 24, 2007

Siste våren ?


Sjå der ja, det var liv i deg likevel.

Friday, June 22, 2007

Totalt "off-topic", men eg kunne berre ikkje late vere


Som ein kan sjå på framsida av dn.no, er Røkke storfornøgd i samband med at industrigiganten Aker Holding vart danna no i dag. Eg spør meg sjølv: Korleis ser karen ut på ein dårleg dag ?

Saturday, June 16, 2007

Kjerringa opp i sky


Fjella, dei står der dei står, dei veit kor dei hører til.
-Olav Duun

Tuesday, June 5, 2007

Litt rart å tenke på


Dette biletet vart teke i det tusenvis av menneske i sultanatet Oman på den arabiske halvøya hadde flykta frå heimane i redsle for verknadene av syklonen Gonu. Syklonen, med vinstyrke som tilsvarte ein kategori 5 orkan (hugsar du Katrina ?) var då i ferd med å slå inn over austkysten i landet. I Tromsø gjorde sjefen for FN sitt klimapanel, Achim Steiner, seg klar til å legge fram rapporten «Global Outlook Report on Snow and Ice». Litt rart å tenke på.

Tuesday, May 29, 2007

Sunday, May 27, 2007

27. mai og nysnø på 500m


Han blomstrar ei veke i året og vel ei veke etter skjema lurer han sikkert fælt på kvifor vi uroar oss for global oppvarming og drivhuseffekt. Dersom det verkeleg er noko i dette, kom det i allefall godt med i år, tenkjer nok rhododendronen med seg sjølv. 2007-sesongen vart ei hustrig affære.

Friday, May 25, 2007

CO2-nøytral bioklippar



Tekniske data:

Vekt:
100 kg +

Effekt:
Er hard i bandet. Du greier ikkje å halde han att med glatte sko.

Kapasitet:
Avhengig av apetitt, smakelegheit på gras og i kor stor grad du greier å lære han å gå i band.

Utslepp:
CO2-nøytral, men slit med metanutsleppet. Ein må ha evne til å oversjå utslepp i fast og flytande form.

Standardutstyr:
Halsband, svivel, kjetting og makkekur. Vert levert med 4 integrerte grasoppsamlarar; Vomma, nettmagen, bladmagen og løypen, noko som sikrar fullstendig biolologisk nedbrytning av graset.

Ekstrautstyr:
Elekrisk gjerde. Kan truleg leverast med metanhandtering i framtida ein gong. Vurderer å setje Fredric Hauge og Kjell Inge Røkke på saka.

Det må nemnast at han er ekstra hard i bandet i perioden november-februar, men inntil vidare er ikkje dette ei aktuell problemstilling.

Sunday, May 13, 2007

Etter ei frostnatt

Det har vore ei kald natt og engkarsen har fått seg ein knekk.



Men gje han berre eit par minutt i sola.

Saturday, May 12, 2007

Om å vere tidleg ferdig på jobb


Ein kan vel seie at hestehoven er ein av dei som har teke hundevakta og er ferdig før festen eigentleg har byrja.



Medan andre aldri vart heilt ferdige i fjor.

Saturday, May 5, 2007

Motivasjon ?


I går la FN sitt klimapanel fram endå ein rapport. Innhaldet var som venta. Denne rapporten frå klimapanelet har det til felles med dei fleste andre 3arar (jamfør Spidermann) at han i alle fall ikkje er "betre" enn dei føregåande.
Eg misunner ikkje stakkars Helen Bjørnøy for tida, men tapper er ho. Og optimist, seier ho.
Men:
-Vi må få til en større motivasjon i samfunnet, slik at folk velger de miljøvennlige løsningene.

Kvar skal vi skaffe denne motivasjonen frå då ? Pisk, gulrot, eller kanskje ei blomstereng ein tidleg morgon i mai?

Ho står der, kvite symra, den første blom i år,
der like inn på snøen i sine tronge kår.

Ho står i kvite klede, så fager som ei brud.
Sjå henne vel i auga, då har du skoda Gud
-Anders Hovden

Sunday, April 29, 2007

Friday, April 6, 2007

Langfredag 2007

Påskeguling

Påskekuling

Sunday, April 1, 2007

Statusrapport


No er han her!






Visste du at sevja stig i grana også? Stakkaren du ser litt til høgre for midten av biletet har nok lagt ut på siste reis. Han visste truleg ikkje at fersk harpiks er seigare enn SWIX universalklister og må betale ein høg pris for det.

Friday, March 30, 2007

Dansebandmyte nr 1


-"Alle dansebandnamn er ein umogleg kombinasjon av fornamna til to av bandmedlemmene. "

Døme: Arne Bjarnes, Kåre Leifs o.s.b.

Dette er ei myte som eg vil avlive her og no. På "danseband. no" finn ein ei oversikt over banda som har gitt ut plate i 2006 og hittil i 2007. Berre 1 av 30 plater er innspelte av band med denne typen namn, det er sjølvsagt Ole Ivars.

Det finst rett nok eit band som kallar seg Trond Erics som spelar saman med Elisabeth Andreassen, men dei har namnet sitt etter ein vokalist som faktisk heitte Trond Erik, men han har ikkje vore med på 10 år.
Det er faktisk meir hald i påstanden: Norske danseband er oppkalla etter Disneyfigurar. Her har vi minst 2 eksempel frå oversikta på "danseband,no": Mickes og Aristo Cats.
Statistikk kan vere artige greier.

Så har vi sjølvsagt populærorkesteret Finn-Erix då, husorkesteret til Radio Røynda og landets mest undervurderte ......populærorkester.

Høyr dei her:Finn-Erix

Tuesday, March 27, 2007

Litt om kart og terreng


Om selja seier Wilkipedia:

-Selje (Salix caprea) er en treart i pilefamilien. Den har rødgul kjerneved og grå bark. Selja kan bli opptil 20 m høy, med en diameter på 40 cm og en alder på 80 år. Selja blomstrer tidlig på våren, med hann- og hunnrakler på adskilte trær. De gule, lodne hannraklene kalles ofte for «gåsunger». Selje vokser best på tørr eller svakt fuktig, sandholdig eller kalkholdig leirjord. Lyskravet er stort.

Finn du noko i teksten som tilseier at dette er ei selje ?


"Den virtuelle floran" seier om bjørka:

-Beskrivning. Lövfällande träd eller buskar. Bark (näver) oftast vit. Vinterknoppar oskaftade. Blad strödda, runda till triangulära, sågade eller naggade. Blommor enkönade, i täta mångblommiga ax; sambyggare med han- respektive honhängen. Hanhängen övervintrar nakna, honhängen inuti knopparna. Hanblommor med rudimentärt hylle; ståndare två, ståndarsträngar tvåkluvna. Honblommor tre tillsammans på varje hängefjäll; hängefjäll treflikigt. Nötter med två tunna vingar.

Wilkipedia definerer "prosaisk" slik:

-Prosaisk brukes i overført betydning om noe kjedelig, nedtonet eller lite entusiatisk, som motsetning til poetisk.