Thursday, October 30, 2008

Tuesday, October 28, 2008

Men så kom sola


Middag kunne eg lage seinare. No måtte eg få med meg siste rest av ettermiddagssol. Einkvan har sagt at "faktorenes orden er likegyldig". I dag trur eg litt ekstra på han, kven det no var. Hunden vart iallefall glad.

På ein dag som i dag eit anna år


Om du ser nøye etter, så finst der fargar inni der. Og i mellomtida har vi hatt både vinter, vår og den beste sommaren på...ja eg hugsar ikkje heilt. Det er vel det dei kallar "i manns minne".

Wednesday, October 22, 2008

Prosaisk

Mandag føremiddag kom ein hard vindrykk frå nordaust. Kastanjen frå førre post knakk som ein fyrstikk. Om du ser nøye etter får du forklaringa både på det eine og andre. Så mykje for den poesien.

Sunday, October 19, 2008

Rettferdstankar


Same frø
Same rot
Same stamme
Same sol
Same regn
Same milde bris
Same kalde kuling
Same oktober

Wednesday, October 15, 2008

Skattelistene er utlagde


"Der skatten din er, vil og hjarta ditt vere", står det i ei bok eg har liggande. Såleis må skattelistene vere dei mest ufullstendige listene som vert laga. Eg har lova meg sjølv å ha retteleg dårleg samvit kvar gong eg vert freista til å slå opp.

Monday, October 13, 2008

Det var eit elendig fotover den kvelden


Det hadde nok vore ein kveld for fagfolk med skikkeleg verkty. Det såg eg med ein gong eg kom heim og opna mappa med namnet "2008 10 10". Eg trur likevel ikkje eg vil slette så mange av bileta eg tok. Eg har god plass og det skal noko til at dei ikkje tener som katalysator for gode minne.

Sunday, October 12, 2008

Etter eit døgn på innpust


Eg veit ikkje om eg byrja å puste att før ferga nærma seg Larsnes. Øya er Sandsøy, fjella i bakgrunnen er Stadtlandet. Bakom der er Skottland. Der varma dei visst opp til fotball-landskamp.

Thursday, October 9, 2008

Haustgrafen, kjapt etter ein ide frå Oslo Børs


Vi visste vel alle inst inne at det måtte gå slik til slutt, men denne gongen er det litt meir usikkert kvar det heile endar.

Wednesday, October 8, 2008

Kløyve ved




Som du ser av overskrifta: Det var kløve ved eg eigentleg skulle. Men det må vel vere lov å ta seg 5-minutt innimellom.

Monday, October 6, 2008

Etter ein oktoberkuling



"Etter oss kommer syndfloden", sa Ludvig den XV ein gong, samstundes som han festa vidare ved hoffet i Versailles. Eg kan ikkje hugse å ha registrert same innsikta hjå nokon av finansakrobatane som siste åra har levd høgt på "kompliserte spareprodukt" og det som verre er.

Men akkurat no skin sola gjennom regnbygene og fargane er attende. Men eg kan ikkje sjå regnbogen nokon stad. Eit dårleg teikn for alle dei som no må ta ansvar for å redde stumpane og demme opp for den finansielle syndfloda ?

Saturday, October 4, 2008

Med fokus på det eine viktige


Ein kunne tru han visste kva som var på gang. Vi får vona at så ikkje er tilfelle.
Han vart fødd som den mellomste i eit trillingkull ein aprildag i fjor. Mor hans, 4062, kjenner eg best som som "ho som gjer så lite av seg". Faren, ein telemarking med namnet Grungesønn, har han aldri sett. Ikkje eg eller mor hans heller. Han kom til gards i eit plaststrå i ein dunk med flytande nitrogen. Ein heller kald affære.
Sommaren sin på fjellet fekk han. Det er det meste ein ver kan ha von om. I oktober slapp han gjennom nålauget på kåringssjået og vart utstyrt med kåringsnummer 200762207. Dette vart inngangsporten til knappe to månaders utsvevande liv på bygda.
Denne sommaren har han vore det faste punktet i tilveret til 8 koppelam. No er dei sende på siste reis til Førde og sjølv står han selskapssjuk og einsam borte i fjøsen medan søyene, som er komne frå fjellet, beitar rundt novene.
No strøymer resultata av førjulsturneen i fjor inn som tilvekstar, haustvekter, slaktevekter, kjøtfylde og feittmengd. Desse vert lagra i ein datamaskin som kalkulerer og kjem fram til eit tal. 120 er bra, 130, ja då byrjar det å likne på noko. 140 er strålande. Dette talet representerer forventning til produksjonsevna. Kåringsnummer kopla til ein O-indeks. Om eit par veker har vi resultatet og spørsmålet om liv og død har fått svaret sitt.
Gener og prestasjonar uttrykt som ein O-indeks. Det einaste som betyr noko. At eg kan leie han i band som ein veloppdragen hund og snu ryggen til han, nesten utan å vere redd for å få meg ein springskalle, er ikkje ein faktor i berekningane. Men har litt å seie for kor djupt det vesle stikket i hjartet vert når eg, om O-indeksen vert for lav, leier han or fjøsen for siste gong.

Wednesday, October 1, 2008

To utsnitt av verda slik ho ser ut herifrå akkurat no



Eg har sikkert teke 1000 bilete av Kvandalsfjella. Av fjorden og. Men eg sat akkurat og drakk siste, lunka skvetten av ettermiddagskaffien, kika opp frå avisa. og ut glaset. Då fekk eg det føre meg at eit par bilete til kunne vel ikkje skade.

Med fare for lokale fineversbyger


Sjå, der er eit hol i skyene. Sola skin ned på Blåfjellet.