Thursday, November 27, 2008

Dagens kylling, ikkje for stive nakkar

Om du legg hovudet på skakke, ser du knskje kva dette eigentleg er.

Sunday, November 23, 2008

Ting som gjer det greit å moke snø, trass alt

3 cm regn høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men det vert ganske mykje som snø. Og vekta er 30 kilo pr. kvadratmeter. Barometeret og termometeret har køyrt berg og dalbane siste døgnet. I oppkøysla låg det difor i dagmorgon 5 tonn med tung våt snø med eit skarelag på og ein ugjennomtrengeleg brøytekant. Men slike dagar gjer det i grunnen ikkje så mykje.

Tuesday, November 18, 2008

Men november kan vere OK og


I dag trur eg ikkje det vert lyst i det heile. Då kan det vere greit å minne seg sjølv om at ikkje alle dagar er slik. Om det også hjelper på stemninga på Oslo Børs, som gjekk gjennom golvet idag, hadde vore kjekt. Men akkurat det tvilar eg på.

Thursday, November 13, 2008

Endå eit tre ? Ja, men ikkje utan grunn

Tenk deg ein mørk novemberkveld. Du står under dette treet, tuntreet, medan opprivne skyer driv over austhimmelen. I det fullmånen brått dukkar fram, ser du ein ukjend siluett på ei grein høgt oppe. Du tek eit par steg til sida for å sjå kva det er. Og der, midt i månekiva sit ho. Ugla.

Det er slikt ein berre ser på film. Og på veg over tunet for å fore sauene.

Tuesday, November 11, 2008

Kvelding i Skorgedalen



Av ein eller annan grunn hadde eg ikkje blitt så forferdeleg overraska om eg møtte huldra. Men det at eg ikkje såg henne denne ettermiddagen tek eg som eit teikn på at ho ikkje fins. I alle høve ikkje på Leitet.

Thursday, November 6, 2008

I livd av Tordenbloggen 2

Eg har ei tilståing å kome med. I går skulle eg hente materiell til ein kar som stod på hovudet i eit koplingsskap, var i ferd med å fryse fingrane av seg og var lens for kontakter. Eg sa eg vart borte i 10 minutt. Det vart 11. Årsaka ser du ovanfor.

Tuesday, November 4, 2008

I livd av Tordenbloggen


I heile november er det Tordenblogging for alle pengane. Over 250 bloggar er nominerte og det heile skal ende opp med ei uhøgtideleg kåring av Norges beste blogg.
For oss som ikkje er med på hendelset, representerer dette eit høve til å liste seg ubemerka ut av skapet for ei stund.

Vi har alle ei fortid. Eg var 9 år i 1969. Woodstockfestival. 16 år var eg i 1976, The Clash og Sex Pistols. Mykje skjer på 7 år. Eg elska den musikken som punken var eit opprør mot, symfonisk prog rock. Eit ikkjetema for musikk-kritikarar med sjølvrespekt.

Det vert sagt at alt går i byljer. Det er berre nesten sant. Rick Wakeman si live-oppsetning av konseptplata "The Myths and Legends of King Arthur and the Knights of the Round Table" med symfoniorkester og riddarturneringar på isen vert det nok aldri aktuelt å repetere. Det næraste var vel kanskje OL-åpninga på Lillehammer. Det bør vel kanskje nemnast at Wakeman gjekk konkurs som eit resultat av desse fantastiske prosjekta sine.

Men midt i det som i ettertida har fått merkelappen pompøs, teatralsk og sjølvhøgtideleg paleontologi vart det laga fantastisk musikk. Om du hadde lagt alle fordommane til side, hatt i bakhovudet at dette faktisk var laga for 35 år sidan og verkeleg høyrt på Wakeman si "Six wives of Henry VIII" og Yes si "Close to the edge" hadde du kanske skjøna at ein gut først i tenåra kunne verte imponert.

Dessutan: introen til Yes sin "Owner of a lonley heart", må vere det mest knabba riffet i musikkhistoria. Eg høyrde akkurat at Radiosporten nytta det. Eg har aldri høyrt at Yes har blitt kreditert.

Og om du vil sjå noko som verkeleg får fart i diskusjonen om det var Rick Wakeman eller Keith Emerson som var gromguten, kan du sjå her.