Saturday, October 4, 2008

Med fokus på det eine viktige


Ein kunne tru han visste kva som var på gang. Vi får vona at så ikkje er tilfelle.
Han vart fødd som den mellomste i eit trillingkull ein aprildag i fjor. Mor hans, 4062, kjenner eg best som som "ho som gjer så lite av seg". Faren, ein telemarking med namnet Grungesønn, har han aldri sett. Ikkje eg eller mor hans heller. Han kom til gards i eit plaststrå i ein dunk med flytande nitrogen. Ein heller kald affære.
Sommaren sin på fjellet fekk han. Det er det meste ein ver kan ha von om. I oktober slapp han gjennom nålauget på kåringssjået og vart utstyrt med kåringsnummer 200762207. Dette vart inngangsporten til knappe to månaders utsvevande liv på bygda.
Denne sommaren har han vore det faste punktet i tilveret til 8 koppelam. No er dei sende på siste reis til Førde og sjølv står han selskapssjuk og einsam borte i fjøsen medan søyene, som er komne frå fjellet, beitar rundt novene.
No strøymer resultata av førjulsturneen i fjor inn som tilvekstar, haustvekter, slaktevekter, kjøtfylde og feittmengd. Desse vert lagra i ein datamaskin som kalkulerer og kjem fram til eit tal. 120 er bra, 130, ja då byrjar det å likne på noko. 140 er strålande. Dette talet representerer forventning til produksjonsevna. Kåringsnummer kopla til ein O-indeks. Om eit par veker har vi resultatet og spørsmålet om liv og død har fått svaret sitt.
Gener og prestasjonar uttrykt som ein O-indeks. Det einaste som betyr noko. At eg kan leie han i band som ein veloppdragen hund og snu ryggen til han, nesten utan å vere redd for å få meg ein springskalle, er ikkje ein faktor i berekningane. Men har litt å seie for kor djupt det vesle stikket i hjartet vert når eg, om O-indeksen vert for lav, leier han or fjøsen for siste gong.

3 comments:

Britt Åse said...

Nå fikk du meg til å begynne å grine. Snufs!

Avil said...

Åh.

Anonymous said...

Ja, den moderne styrte evolusjonen har nådelaus kamp(i VR), tidleg død og unge foreldre som sine viktigaste verkemidel for raske resultat.

Men eg høyrer kronhjorten bure i fjellsida akkurat no. Det er langt frå noko kjære mor dei legg opp til dei karane heller.

Her ser de korleis det kan ende.

http://dansebandmuseum.blogspot.com/2007/10/og-vesle-lerka-ho-hev-det-so.html