Tuesday, December 2, 2008

Baktungt


Eg fann ein liten papirlapp i ein skuff her ein dag. Med litt usikre blokkbokstavar var det skrive
”SYKKEL NUMMER”, etterfylt av 10-12 siffer , så eit fornamn (med litt tryggare bokstavar, det var tydeleg at det låg meir røynsle bak) og til slutt ”NAKAMURA”.

Eg hugsar då vi kjøpte den sykkelen. Han var gul, med raude gaflar og dobbel demping. Eit lite fornuftig kjøp. Men eigaren var stolt.

No står vidunderet på låven med rusta kjede og flate dekk. I går dumpa studiekatalogen frå Høgskolen i Oslo ned i postkassen og eg kjende at livet brått vart litt baktungt.

Eg høyrde nyst ei fantastisk soge om den norske kvinnelege flypioneren Gidsken Jakobsen på radioen. Ein dag ho var ute på flytur miste ho rett og slett motoren i lufta. Ikkje nok med at framdrifta var borte, den reduserte vekta i fronten gjorde at flyet vart baktungt og umogleg å kontrollere. Det var då ho og copiloten kom på at her var det berre ein ting å gjere, nemleg å krype framover i flykroppen og på den måten stabilisere flyet. Som tenkt så gjort, og på det viset fekk dei gjennomført ei kontrollert nødlanding.

Kanske det er på tide å krype litt lenger fram i flyet.

No comments: