Saturday, September 27, 2008

"0 besøk, 0 sidevisninger, 0,00 sider/besøk"

Biletet er eit arkivfoto og einkvar likskap mellom motivet og personane nemnde i innlegget er tilfeldig.

Det burde eg kanskje prøve å gjere noko med, eg veit ikkje. Ville eit trugsmål om å slette heile bloggen hjelpe? Naturlegvis ikkje. Kanhende burde eg skrive litt om det viktigaste som har hendt i kongeriket i helga, nemleg at Burre dansa seg ut av "Skal vi danse" Eller skal eg la pietisten og gledesdreparen i meg stå fram som indignert over at to av heltane mine, Lasse Kjuus og Kjetil André Aamodt let seg nytte av TV2 i deira kampanje som går ut på å usannsynleggjere markering av alt som kan smake av idrettslege opp- og nedturar utan alkohol ? I programmet "God kveld Norge" vart dei presenterte som Burresupporterar benka ved eit bord fullt av TV2-sponsa champagne og høge glas. Om også andre ting enn bordet og glasa var fulle av champagne, veit eg sjølvsagt ikkje, men dei fekk i alle høve fram poenget sitt.
Nei, eg trur eg heller vil sitere ein klok mann som ein gong skal ha sagt noko slikt:
"Den tida ein kosar seg med å kaste bort, er slett ikkje bortkasta".

Og så lenge ein har "0 besøk, 0 sidevisninger, 0,00 sider/besøk"er er det stort sett berre mi eiga tid eg kastar bort. Så de skal ikkje sjå bort frå at eg brått er attende med meir lausprat.


11 comments:

Anonymous said...

Eg stikk no innom. Og bileta og dei små forteljingane dine er gull verd.

Per Kristian said...

Får litt dårleg samvit av dette. Eg les alt du skriv, men stort sett gjer eg det gjennom Google Reader - og det tel vel ikkje på anna enn lesarar av "feeden" din. Du må sjekke den statistikken òg!

Synline said...

Avil viste meg vei via bloggen sin. Fin blogg du har, mange flotte bilder :)

Jeg er fersk blogger selv, og har ikke all verden med lesere. Men hvordan finner jeg egentlig ut hvor mange besøk jeg har i dette bloggersystemet? Jeg har lagt inn en teller, men det må da være mulig å finne det ut ellers også?
Litt pinlig å ha så lite snøring, men slik er det nå bare en gang.

Anonymous said...

Takk for gode ord.

"Sutring kler deg ikkje", sa ho eg bur saman med. Ho har det med å seie lure ting,så eg let det bli med dette, trur eg.

Synline: Ikkje pinleg i det heile teke.Sjølv har eg lete meg fange av Google og har opprette konto hjå dei. Der er det mogleg å halde oversikta, men som du kan lese av kommentaren til Per Kristian, har eg ikkje sett meg inn i alle detaljane.

Anonymous said...

Du får ikkje opp statistikk for feeden? Eg les via google reader (vanlegvis). Er svært lite flink til å kommentere, så vidt eg får det gjort på min eigen blogg.

..men eg les no. :-)

Anonymous said...

"Den tida ein kosar seg med å kaste bort, er slett ikkje bortkasta".

Dette må være noe av det klokeste jeg har lest på lenge! :)

Takk til Avil som tipset om siden din. Jeg kommer tilbake. :)

Anonymous said...

lothiane: Det er visst Bertrand Russel som er opphavsmann til sitatet. Han har sagt andre kloke ting også. T.d. "Tida har kun ein funksjon og det er å sørge for at ikkje alt skjer på ein gong". No har vist Avil sørga for at tida er oppheva her på museet. Kanskje eg burde tilsett resepsjonist.

arild: jaudå, eg får opp statistikk frå google reader. Innbiller meg i alle høve at det som kjem opp som "blogger.com(referal)" er derifrå.

Anonymous said...

Det arkivfotoet ditt var utrolig tøft! Generelt mange vakre og artige bilder her inne. Jeg kommer nok tilbake.

Anonymous said...

Kom hit via Avil, jeg også. Veldig fin stemning her inne. Fikk litt ro.Takk.

Anonymous said...

"Fin stemning". Det var kjekt å høyre.

Anonymous said...

Jeg leser lite blogger. Jeg laget en side som jeg senere forlot. Så koblet jeg meg inn igjen. Noen husker jeg fra sist jeg var innom og Avil var en av disse. Dermed fikk jeg gleden av å besøke din blogg også.

Jeg liker bildene dine. Det du skriver. Men det er litt underlig. Jeg får en følelse av at du er en slags reinkarnert Bandanders. Og å svare deg ville bli å bryte fortryllelsen:-).

Ikke steng ned bloggen! Jeg kommer iallefall til å kikke innom her flere ganger. Selv om jeg ikke sier noe;-)