Tuesday, November 4, 2008
I livd av Tordenbloggen
I heile november er det Tordenblogging for alle pengane. Over 250 bloggar er nominerte og det heile skal ende opp med ei uhøgtideleg kåring av Norges beste blogg.
For oss som ikkje er med på hendelset, representerer dette eit høve til å liste seg ubemerka ut av skapet for ei stund.
Vi har alle ei fortid. Eg var 9 år i 1969. Woodstockfestival. 16 år var eg i 1976, The Clash og Sex Pistols. Mykje skjer på 7 år. Eg elska den musikken som punken var eit opprør mot, symfonisk prog rock. Eit ikkjetema for musikk-kritikarar med sjølvrespekt.
Det vert sagt at alt går i byljer. Det er berre nesten sant. Rick Wakeman si live-oppsetning av konseptplata "The Myths and Legends of King Arthur and the Knights of the Round Table" med symfoniorkester og riddarturneringar på isen vert det nok aldri aktuelt å repetere. Det næraste var vel kanskje OL-åpninga på Lillehammer. Det bør vel kanskje nemnast at Wakeman gjekk konkurs som eit resultat av desse fantastiske prosjekta sine.
Men midt i det som i ettertida har fått merkelappen pompøs, teatralsk og sjølvhøgtideleg paleontologi vart det laga fantastisk musikk. Om du hadde lagt alle fordommane til side, hatt i bakhovudet at dette faktisk var laga for 35 år sidan og verkeleg høyrt på Wakeman si "Six wives of Henry VIII" og Yes si "Close to the edge" hadde du kanske skjøna at ein gut først i tenåra kunne verte imponert.
Dessutan: introen til Yes sin "Owner of a lonley heart", må vere det mest knabba riffet i musikkhistoria. Eg høyrde akkurat at Radiosporten nytta det. Eg har aldri høyrt at Yes har blitt kreditert.
Og om du vil sjå noko som verkeleg får fart i diskusjonen om det var Rick Wakeman eller Keith Emerson som var gromguten, kan du sjå her.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
5 comments:
Jeg så med store øyne Rick live tre ganger på 70-tallet, men det var nok ingen tvil om at det var Keith som var gromgutten. Ingen så tøffere ut, spilte råere eller komponerte mer interessant for tangenter.
Se f.eks. her eller her, for ikke å si her.
Selv om Rick om mulig kan ha hatt en enda raskere høyrehånd, ble det mest skalaspilling og standardakkorder;-)
Eg gjev meg, eg gjev meg.
Ettertida har vel synt at Keith var den verkeleg nyskapande av dei to. Men for ein storøygd landsens gut vart orgelmassakrane på ELP-konsertane i drøyaste laget.Sjølv på svart/kvitt-TV.Eg trur eg var samd med John Hiatt (lenge før han hadde skrive songen)
"Oh it breaks my heart to see those stars
Smashing a perfectly good guitar
I don't know who they think they are
Smashing a perfectly good guitar"
Eg ser kanskje litt annleis på det no. Men eg er framleis samd med Hiatt. Etter Keith Emerson og Jimi Hendrix er det liksom ikkje så mykje vits i lenger heller.
Det ble litt mye massakrer i det jeg sendte, ja;-)
Men Keith laget mye vakkert og også, som denne her (http://nl.youtube.com/watch?v=R9birccteiw&feature=related) fra hans flotte plate fra i år
eller denne (http://nl.youtube.com/watch?v=pfeSXlmenTQ) og denne(http://nl.youtube.com/watch?v=pPkJVzDQUW8&feature=related) - begge spilt av andre på et litt crappy piano, men dog.
Eg må vedgå at eg er i den heldige stillinga at eit "crappy" piano eller ein "cheesy" gitar sjeldan øydelegg musikkopplevinga og misunner slett ikkje dei som må ha det perfekte flygelet for å kunne nyte musikken.
Men eg må få meg ein skikkeleg platespelar. Sjølv ikkje gromgutane veg opp for Youtube på bærbar.
Det var eg som sa dette altså
Post a Comment