Friday, February 27, 2009

Livsfilosofi ?


Legg fullt over, gi full gass.

Thursday, February 26, 2009

Vs: FW: Vb: VS:


Eg fekk ein e-post her ein dag. Emnet var "Vs: FW: Vb: VS:" Var det eigentleg meininga at eg skulle få han ?

Wednesday, February 25, 2009

No spår yr.no gråver neste 10 dagane


Eg ser at finanskrisa er spådd å vare til 2013 og at oppturen då vil verte brattare en nedturen vi er med på akkurat no. Ja, dei har vel rekna på det. (men kvifor høyrde vi så lite om den komande nedturen for 4-5 år sidan ?)
Ein får ordne seg med voner på "mellomlang sikt", som det heiter. Litt lenger enn yr sine 10 dagar og ein god del kortare enn Ola Grytten sine 4 år. Ein fineversdag i Skorgeura i månadskiftet mai/juni kanskje ?

Tuesday, February 24, 2009

Talerør


Ja, eg ligg no her på kumloket mitt. Her har eg lege i fleire år no, heilt sidan dei fann ut at eg ikkje var brukande lenger. Kor lenge eg vert liggande, veit eg ikkje. Kan hende er det du som kjem forbi her ein dag og kastar meg langt ned i skogen, eller kanskje du er av det idealistiske slaget og leverer meg til attvinning.
Uansett er det litt rart å tenkje på at for nokre år sidan sat der folk på eit kontor med dimensjoneringstabellane sine, kanskje brukte dei endåtil reknestav for å gjere utrekningane sine. Det er ikkje utruleg at dei måtte slå opp i den gamle læreboka si heller.


Reynoldstal er den vanligst forekommende dimensionsløse størrelsen innenfor strømingsmekanikken, og forteller oss om væsken vil strømme laminært eller turbulent. Tallet kan også sees på som et dimensionsløst tall for viskositeten.


ρ = densitet
μ = dynamisk viskositet
ν = kinematisk viskositet
L = typisk lengde
V = typisk hastighet

Ved rørstrømning inntrer det kritiske punktet når Reynoldtallet, Re, nærmer seg 2300. Under dette punkt regner man med at væsken strømmer laminært og over grensen; turbulent. Man kan betrakte Reynolds tall som forholdet mellom treghetskrefter og friksjonskrefter. Ved turbulent strømning dominerer treghetskreftene.

Og så fann dei ut at det var akkurat meg dei hadde bruk for. Dei skulle sett meg no.

Wednesday, February 18, 2009

Lov om husleieavtaler (husleieloven).



§ 2-2. Generelle krav til tilstand

Husrommet skal ved overleveringen være i samsvar med de krav som følger av leieavtalen. Er ikke annet avtalt, skal husrommet med tilbehør ved overleveringen være ryddet, rengjort og i vanlig god stand.

Er ikke annet avtalt, har husrommet dessuten en mangel dersom det ikke

a) passer til de formål tilsvarende husrom vanligvis blir brukt til, eller

b) passer til de særlige formål som leieren etter avtalen skulle bruke husrommet til, med mindre forholdene viser at leieren for så vidt ikke bygde på utleierens sakkunnskap eller vurdering eller ikke hadde rimelig grunn til å gjøre det.

Monday, February 16, 2009

Ingenting fjerna, ingen ting lagt til


Berre vekta på min måte, slik ein ofte gjer med bokstavar og ord.