Sunday, March 30, 2008

Dagens konkurranse


Kvifor kan dette i og for seg harmlause biletet røme ein potensiell katastrofe ?

Wednesday, March 26, 2008

Der går vel ei grense ein stad ?

Vi ser på ytringsfridomen som ein sjølvsagd del av dei rettane vi har i eit fungerande demokrati, men i tider der produksjon av danske, israelske og amerikanske flagg går strykande, kan det kanskje vere på sin plass å sitere litt frå FN si menneskerettserklæring.

Artikkel 18
Enhver har rett til tanke-, samvittighets- og religionsfrihet. Denne rett omfatter frihet til å skifte religion eller tro, og frihet til enten alene eller sammen med andre, og offentlig eller privat, å gi uttrykk for sin religion eller tro gjennom underisning, utøvelse, tilbedelse og ritualer.

Artikkel 19.
Enhver har rett til menings- og ytringsfrihet. Denne rett omfatter frihet til å hevde meninger uten innblanding og til å søke, motta og meddele opplysninger og ideer gjennom ethvert meddelelsesmiddel og uten hensyn til landegrenser.


Eg hugsar at eg for 30 år sidan skreiv særarbeid, som det heitte den tida, om Tyskland i mellomkrigstida. Det gjekk i grove trekk ut på å låne den tjukkaste boka eg kunne finne på biblioteket om dette emnet og koke stoffet ned til 25 handskrivne sider. Eg trur ikkje at eg har lese makkverket sidan.( Eg kan ikkje hugse om han som fekk den lite motiverande jobben det var å vurdere arbeidet nytta ordet"makkverk". Men vi har karakterar til slikt). Likevel er det enkelte episodar som har festa seg i minnet.

Som til dømes då Adolf Hitler vart hyra inn for 20 mark i veka av ein gjeng tidlegare offiserar og næringslivsfolk med draumar om å gjenreise det Tyske riket. Dei hadde klokeleg funne ut at dei måtte mobilisere arbeidarklassen dersom dei skulle ha von om å få realisert draumane sine og arrangerte møter på kneipene i Munchen der gratis øl, sigarar, saltkringler, ein hysterisk Hitler og så endå meir øl stod på menyen. Dette var ei suksessoppskrift og dei retoriske og manipulative evnene til Hitler får av mange hovudæra for den raske framvoksteren til NSDAP, Nazi-partiet. Sidan gjekk ting fullstendig av skaftet og resultatet kjenner alle.

Det eg vil fram til er fylgjande: På vegen frå talarstolen på kneipene i Munchen i 1920 til bunkeren i Berlin i maidagane i 1945 vart ei grense kryssa, ei grense ingen bør få krysse. Men kva tid skjedde det? Ved det første tilfellet der ekstreme tilhengarar gjorde seg skuldige i uprovosert vald eller knuste den første glasruta? Om dette skulle vere kriteriet, ville vi t.d. ikkje hatt toppfotball i Europa i dag. Men ein stad går det vel ei grense der ein ikkje lenger kan påberope seg ytringsfridom, men kvar går ho ?

Tuesday, February 26, 2008

Dogooders United, klubben i hjartet mitt


Dei stiller seg vanlegvis utruleg lett til for hogg.I etterpåklokskapen sitt klare lys (noko ein kvar gravande journalist med respekt for seg sjølv gjev seg ut for å representere), vert dei gjerne avslørte som naive, kunnskapslause godfjottar. Dei kan finne på å sende elektriske varmetepper til katastrofeområder med rasert infrastruktur eller tørrmjølk til flaumområde med infisert drikkevatn. Eksempla er mange.

Men kunnskapsløyse finst det råder mot. Kynisme, egoisme og mangel på empati er derimot verre å behandle.

Eg trur vi gjer ein stor feil dersom vi avskriv den usjølviske innsatsen for ei god sak og viljen til å gjere det rette som viktige ressursar i møte med ei framtid full av store utfordringar. Ein må ikkje gløyme at både vilje til å finne ut kva som gagnar og å lære av eigne feil er innebygd i godviljen. For å seie det på ein annan måte: Dogooders United høyrer heime i Premier League.

Om dei som til dømes kan sjå ei naturkatastrofe som eit godt høve til å gjere pengar på eit overskotslager med elektriske varmetepper høyrer heime der, det er eg straks meir skeptisk til.

Thursday, February 14, 2008

Eg treng litt hjelp

Det vert sagt at dersom du får ein song på hjernen, er det berre ein ting som hjelper. Det er å gje han vidare til einkvan.

Ver så snill. Forsyn deg her

Wednesday, February 13, 2008

Clas Ohlson "Best på dingser" sidan 1918...


...men er no tydeleg merkt av eit hardt liv.

Wednesday, January 30, 2008

Knudsen, Ludvigsen og UDI

”Du er hva du har spist” heiter det i ein song av Knudsen og Ludvigsen. Når ein tenkjer etter, så er det i grunnen akkurat det vi er.
Gjennomsnittleg fødselsvekt her i Norge er om lag 3,5 kg. Dei kiloa vi har lagt oss til etterpå, er stort sett differansen mellom det vi har ete og drukke og….ja, du skjønar. No er det også slik at cellene i kroppen vår har ei avgrensa levetid. I løpet av ein periode på 7 år er vi så godt som fornya.

Dersom du no stort sett et importert mat, eller kjøt og egg produsert på grunnlag av importert kraftfor, burde du då eigentleg søkje om opphaldsløyve kvart sjuande år?

Thursday, January 10, 2008

Lid du av fordommar mot 3-akkordsongar ?

Vil du vere med på audiokognitivt medisinsk eksperiment ?

Gå inn på Google

Skriv "welch rawlings i´ll fly away" (utan hermeteikn)

Velg 1. treffet

Spel videoen

Det var det heile, men hugs: Sjå heile filmen. Faren er stor for at du utviklar multiresistens dersom du avbryt behandlinga for tidleg.

Er du retteleg dårleg og ikkje orkar alt dette styret, er det berre å klikke her: Klikk
Dei som vil ha placebo kan klikke her: Klikk

Sidan dette er eit eksperiment, er eg takksam for tilbakemeldingar.

Eg gjer merksam på at songen inneheld ein 4. akkord, ein moll akkord som går over ei takt eller noko slikt. Så om du skulle føle deg betre no, kan eg ikkje garantere at du er fullstendig kurert. Men om du høyrer nok på dette radarparet, helst med skikkeleg lydkvalitet, skal eg nærast garantere at du vert bra.