Friday, August 31, 2007

I dag har eg verdas finaste arbeidsplass, sol og alt







Den dagen utsikta vert eit skattbart frynsegode, har eg to alternativ:
  • Snyte på skatten

  • Bytte arbeidsplass

Saturday, August 25, 2007

Den eigentlege Band-Anders

Han heitte eigentleg Anders Hoffrenning (Dette namnet er nytta på gravsteinen hans, nokre andre kjelder gir han namnet "Hogrenning" ), "fødd i 1836 i Loen sogn, Stryn prestegjeld, titt ova vatnet, og då kan du rekne det sjølv" – slik han sjølv uttrykte det.

Størstedelen av sitt vaksne liv heldt han til i Ørsta og han levde av det naturen gav. Han tente til livsopphaldet med mellom anna småfiske og produksjon av tønneband. Emna til tønnebanda var haslerenningar han hogg i Skorgeura sommarstida.

No er Skorgeura naturreservat og Anders ville i dag vere miljøkriminell.

Det er stunder då eg tenkjer med meg sjølv at oppretting av verneområde er ei fallitterklæring. Det er då skilnad på forvaltning og hermetisering. Er vi ikkje komne lenger enn at trugsmål om bøter og fengsel må til for at vi skal ta vare på verdiane i naturen ?


Monday, August 6, 2007

På rett veg


Gjev stadfestinga av rette vegval alltid var like tydeleg.

Tuesday, July 24, 2007

Småskala, halvøkologisk fyrverkeri


Fyrverkeri av type Póa praténsis (Engrapp). Fungerer kun i skikkeleg regnver, krev ekstern lyskjelde og må fangast med kamera. Produsert ved hjelp av fotosyntese utan anna tilsetningsstoff enn "saudeparlar"og er fullstendig nedbrytbart i naturen.
Åtvaring:
Dersom nedbrytninga i naturen går føre seg utan nok tilførsle av oksygen, vil klimagassen metan verte danna og den stakkars Engrappen vert miljøversting på line med sau, ku, hjort,rein, elg og Bambi.

Tuesday, July 17, 2007

I regnskogen


Frå før har vi "Saudehornet rett opp", X2 og Dei Nynorske Festspela. Kan det tenkjast at regnskogsafari vert det neste ? (Biletet er teke midt i løypetraseen til X2)